JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstMeldingar

Kunsten å sparke oppover

Christian Messel stikk effektivt hòl på eit oppblåst og oppskrytt mannsideal.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Series D #8 (Zoffany)», collage og blekk på papir, 2009.

Alle foto: Christian Messel

4551
20210212
4551
20210212

Utstilling

Christian Messel:

Teikning, collage, måleri, linoleumstrykk og to animasjonsfilmar

Nils Aas Kunstverksted, Inderøy
6. februar–11. april 2021

Det første som møter oss i den omfattande mønstringa til Christian Messel (f. 1980), er eit stort måleri av ein ulv forkledd som gjetar. I bakgrunnen kviler saueflokken fredfullt. Den falske gjetaren sleikjer seg om munnen medan han ser på oss med eit sleskt og innforstått smil. Kunstnaren har signert verket nedst i venstre hjørne, men ikkje med sitt eige namn. For verket er ei omhyggeleg etterlikning av «The Wolf in Shepherd’s Clothing» av den franske illustratøren Gustave Doré frå 1868.

Medan arbeidet til Doré er eit grafisk trykk skore ut i tre, har Messel måla sin versjon med lette strøk med akrylmåling. Går ein nær innpå, kan ein glede seg over det vakre nettverket som Messel har bygd opp av tynne penselstrøk i forskjellige vinklar. Såleis har han gjort Dorés arbeid til sitt eige. I tillegg har Messel ført inn eit ekstra element, eit stilisert handtrykk, symbolet på ein inngått avtale. Denne samansetjinga talar sitt eige klare språk. Verket slår an tonen for utstillinga, med eit skrått smil sparkar kunstnaren mot dei som sit med makt. Han er aldri den som sparkar nedover.

Luksus før og no

Messel er ikkje av dei som skyr arbeid. I verket «Series D #8 (Zoffany)» har han teikna eit galleri i rokokkostil etter eit bilete tyske Johann Zoffany måla i åra 1772–1778. Her vurderer fornemme parykkledde herrar verk i eit rom fylt med kostelege kunstskattar.

Verket er teikna med tusj, rissa opp med ein lett og elegant skravur. Messel har erstatta dei tradisjonelle måleria med foto. I framgrunnen er eit utsnitt av eit kjent måleri av den franske rokokkomålaren Francois Boucher frå 1751. Mennene som diskuterer måleriet, lèt seg ikkje merke med at måleriet av den fagre kjærleiksgudinna Venus er skore i to.

Vi finn òg fleire eksempel på vår tids luksuriøse maktsymbol, saksa frå vekeblad. Når dei vert plasserte i rokokkorammer, vert det ufrivillig komiske svært tydeleg.

Skulpturvelting i 2016

Fleire av arbeida i utstillinga problematiserer skulpturar og monument. Dei tek føre seg korleis makta har det med å reise seg opp på ein sokkel. Dette er eit tema Messel arbeidde mykje med i åra 2015–2018. For ønsket om å velte skulpturar er ikkje noko nytt fenomen.

Det er likevel spennande arbeid i relieff av den heftige bølgja av protestar mot politivald og rasisme som velta og raserte statuar i fjor. I verket «Item 039» har ein klassisk bronseskulptur av ein mann med makt blitt erstatta med ein enorm versjon av «Venus frå Willendorf», ein tretti tusen år gamal kvinnefigur. Korleis hadde vel ikkje historia sett ut om det var andre verdiar enn sigrar i krig som vart heidra på sokkel?

Andre verk er collagar der ei kvinnebyste får mannsansikt, ein klassisk gresk mannsskulptur er forsynt med hoftene og beina til ein skulptur av ei kvinne. Ei kvinne har fått mannlege bein – noko som også endrar totalt måten vi opplever henne på. Såleis får han oss på elegant vis til å kople kjønn og stereotypiar til maktutøving. Det er tankevekkjande at ulikskapen mellom måten menn og kvinner poserer på, faktisk ikkje har endra seg på fleire tusen år.

Ei pingle med hjort

Han har også laga ein versjon av eit antikt relieff av den greske helten Herakles som legg ned ein hjort med berre hendene. I Messels versjon er det herleg atletiske ved kroppen brutalt klipt vekk, att står ei pingle.

Det er berre å le av at han skulle hanskast med det digre dyret åleine, så vel som dei andre storverka det går gjetord om, som å halde heile himmelkvelvingen med berre hendene og kome levande ut frå Hades.

Med den enkle korrigeringa stikk Messel effektivt hòl på eit oppblåst og oppskrytt mannsideal.

Revitalisering

Det er praktfullt å sjå korleis Messel sjonglerer med eit rikt spenn av referansar frå verdshistoria så vel som kunsthistoria, litteratur så vel som populærkultur. Han kopierer uhemma eldre kunst, lagar nye samanhengar som dannar slåande og sterke bodskapar for samtida. Her er det berre å tørke støv av alt ein har av tverrfagleg kunnskap og kaste seg ut i eit mylder av underfundige arbeid.

Uttrykket, og bruken av collage og kopiar, den friske og freidige samfunnskritikken har sterke likskapstrekk med avantgardekunsten i første halvdelen av 1900-talet. Samstundes lukkast han med å tilføre sitt eige og såleis skape ei revitalisering som treffer vår tid.

Eva Furseth

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.

Tusen dagar med russisk katastrofe

Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Mingleklubben for makt og pengar

Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.

KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.

Thomas Fure / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Utfordrar kjønnsundervisninga

Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis