JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Lasso rundt Luna

Skjønt siciliansk oppvekstdrama har magi og mykje mørke.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Luna (Julia Jedlikowska) ventar på at Guiseppe skal dukke opp att.

Foto: AS Fidalgo

2907
20171103
2907
20171103

DRAMA/FANTASY/THRILLER

Regi: Fabio Grassadonia og Antonio Piazza

Sicilian Ghost Story

Med: Julia Jedlikowska, Gaetano Fernandez

Sicilian Ghost Story opnar med at kameraet kravlar oppover i eit underjordisk mørker, til smilande ungdom etter ein skuledag. Luna (Jedlikowsak) følgjer etter Guiseppe (Fernandez) inn i skogen for flørt og leik. Dei to trettenåringane er klassekameratar. Ho er så oppslukt av han som berre ungdom midt i den første store forelskinga kan vere. Den strenge mora til Luna vil ikkje at ho skal ha noko med Guiseppe å gjere. Då guten forsvinn, finn vi ut kvifor. Cosa nostras kvelande makt er nær.

Draumkvedet

Filmspråket er draumaktig, tidvis ekspresjonistisk. Kjenslene, inntrykka og draumane til Luna er utgangspunktet for verdsbiletet. Skilja mellom draum og røynd er ikkje alltid klare. Luna har eit lass med fantasi, slik teikningane hennar på veggen vitnar om. Lydbiletet er intenst. Nokre gonger minner det om den dyriske kakafonien i Hukkle av ungarske Györgi Pálfi. Dyrelivet figurerer elles flittig. Majestetiske hestar, farlege hundar, ei mystisk lita ugle og flakkande sommarfuglar florerer.

Det er ikkje utan grunn at utanlandske meldarar har trekt parallellar til Pans labyrint, men magien ber ikkje på fantasiskapningar i den forstand. Øya i mafiaens makt har skumlare skapningar i røynda. Rike bilete knytte til unge sinn står opp mot dei kalde realitetane og gøymestadane til øyas maktnettverk.

Mafiamakt

Filmen bygger på ekte hendingar frå nittitalet. Dei sicilianske skrømta er symbolske, sanne og mafiøse. Cosa nostra er dystre saker. I landsbyen er alle anten paralyserte eller involverte. Luna er ein fryktlaus rebell. Ho nektar å akseptere apatien lokalmiljøet viser andsynes dei organiserte kriminelle. Ho er fanga av forelskinga og fantasiane, fastsett på å finne Guiseppe. Løkka strammar seg òg om det skjøre sinnet og livet hennar. Spenninga i ungdommens vår mellom ein snill far og ei konservativ mor svinn hen for amputert barnleg uskuld. Slik blir oppvekstfilmen eit særskilt studium av Sicilias nære historie.

Ljos i mørkret

I byrjinga verkar skodespelet litt stotrande, men slik er ungdommar. Julia Jedlikowska veks inn i hovudrolla og har ei mengd sterke scener. Filmen varar i over to timar utan at det kjennest lenge. Som tidligare nemnt er Kritikarveka i Cannes ei kjelde til lovande nytt ljos på filmhimmelen. Regissørduoen Fabio Grassadonia og Antonio Piazza vann openberringsprisen der med den første mafiafilmen, Salvo i 2013. I år opna dei programmet med film nummer to, Sicilian Ghost Story, ei fin og annleis filmoppleving som fangar rå røynd med ungdommeleg fantasi.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Julia Jedlikowska veks inn i hovudrolla og har ei mengd sterke scener.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis