Ole Robert Sunde vann romanprisen til P2-lyttarane.
foto: Julie Pike
Lyttarpris til Ole Robert Sunde
Ole Robert Sunde vann denne veka romanprisen til P2-lyttarane for boka Penelope er syk. Juryen sparar ikkje lovorda i grunngjevinga: «Et virkelig mesterverk. Her ligger en fantastisk glede i språket, det var en fryd å lese, noe som framstår som et kjempeparadoks siden det jo handler om en person som skal dø. En herlig og gripende roman.»
Nye ord på engelsk
Oxford Dictionary of English har nettopp kome ut i ei nyutgåve. Den oppdaterte utgåva inneheld meir enn hundre nye ord knytte til barneoppseding. Mellom dei nye orda dei skulle vurdere, finn vi nylagingar som «poonami» to «shitastrophy». Redaktørane seier til The Guardian at dei måtte til «Mumsnet», det engelske svaret på «babyverden.no», for å avgjera kva ord dei skulle ta inn. «Helicopter parenting» og «babymoon», men dei ovanfornemnde held dei enno utanfor.
Krossfest kjukling
Juritsen forlag har alt byrja å reklamere for påskekrim. Dei gjev ut ei bok med 17 krimnoveller, med bidrag frå mellom andre Unni Lindell og Gunnar Staalesen. Men omslaget på boka vekkjer debatt. Det er eit heller smaklaust bilete av ein kjukling som blir krossfest. «For oss er dette blasfemi», seier ein tilsett ved Vivo Lyngdal bokhandel til bok364.no. «Det er trist at enkelte kristne ikke har et mer moderne syn på det å tro enn fortsatt å ty til sensur og fornektelse», svarar forleggjar Arve Juritzen.
ronny@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Lyttarpris til Ole Robert Sunde
Ole Robert Sunde vann denne veka romanprisen til P2-lyttarane for boka Penelope er syk. Juryen sparar ikkje lovorda i grunngjevinga: «Et virkelig mesterverk. Her ligger en fantastisk glede i språket, det var en fryd å lese, noe som framstår som et kjempeparadoks siden det jo handler om en person som skal dø. En herlig og gripende roman.»
Nye ord på engelsk
Oxford Dictionary of English har nettopp kome ut i ei nyutgåve. Den oppdaterte utgåva inneheld meir enn hundre nye ord knytte til barneoppseding. Mellom dei nye orda dei skulle vurdere, finn vi nylagingar som «poonami» to «shitastrophy». Redaktørane seier til The Guardian at dei måtte til «Mumsnet», det engelske svaret på «babyverden.no», for å avgjera kva ord dei skulle ta inn. «Helicopter parenting» og «babymoon», men dei ovanfornemnde held dei enno utanfor.
Krossfest kjukling
Juritsen forlag har alt byrja å reklamere for påskekrim. Dei gjev ut ei bok med 17 krimnoveller, med bidrag frå mellom andre Unni Lindell og Gunnar Staalesen. Men omslaget på boka vekkjer debatt. Det er eit heller smaklaust bilete av ein kjukling som blir krossfest. «For oss er dette blasfemi», seier ein tilsett ved Vivo Lyngdal bokhandel til bok364.no. «Det er trist at enkelte kristne ikke har et mer moderne syn på det å tro enn fortsatt å ty til sensur og fornektelse», svarar forleggjar Arve Juritzen.
ronny@dagogtid.no
Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.