Bøker
Mollstemt poesi om sorg og minne
Ulrik Farestad har ei original diktarrøyst.
Ulrik Farestad skriv dikt som spenner frå sonettar til lausare vers.
Foto: Eva Polak
Ulrik Farestad (f. 1984) er enno ein ung diktar, men
likevel er det noko gamalt over han. Ordet vert her nytta i beste meining, og
då som ein indikator på den store skyldnaden hans andsynes den poetiske
tradisjonen.
For tradisjonen er større enn den einskilde diktaren, som Farestad
syner i desse versa frå «Gravhaugene i Asker»: «Om livet ikke rommer nok,/ så
finnes dette andre rommet – tanken faller som en dråpe/ i mørket gjennom alle
slektsledd/ og trekker grensen mellom haug/ og åker lenge, lenge etter/ at
navnene er glemt og døren/ til det hinsidige har sunket/ under benker, eik og
hvitveis».
Dette er vers tunge av tankar, og
ein merkar etterklang av den austerrikske diktaren Rainer Maria Rilke, som òg
var ein tenkjar i poesien. Han var uvanleg oppteken av minnet som fenomen, og det
er tydeleg at Farestad har arva mykje av sensibiliteten hans når det gjeld tida
og alt det som ein gong lyt forgå.
Forpliktinga på minnet og fortida
finn ein overalt hjå Farestad, og oske er den styrande metaforen i dikta. Oske
symboliserer forvitring, slik innhaldet i gamle gravhaugar med tida går i oppløysing. Soleis
er det ei form for diktarisk arkeologi han driv på med her; han grev seg ned i dei
talrike laga i historia og freistar å gje dei meining.
Men oska kan òg vera eit
uttrykk for sorg og melankoli, og det er heilt klårt noko elegisk over diktinga
til Farestad. Eit vakkert døme finst i det store minnediktet til
biletkunstnaren Christopher Rådlund, som eg siterer nokre vers frå:
«Forsvinningspunktet/ i bildene dine,/ det er der, men vi ser det ikke,/
fjellet står i veien,/ trærne, bølgene, ruinene/ sørger for at ingenting/
egentlig forsvinner – elvene/ renner videre uten ende».
For den travle lesaren kan nok dette
minne om Tor Ulven, men det er meir tale om ein omvend Ulven. Dei formfulle dikta
haldne i klassisk rim og rytme peikar i alle høve i andre retningar, i tillegg
til Rilke også mot Gunnar Reiss-Andersen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.