Å slå seg til ro
Med The Spur har Joan Shelley har laga ei nær, varm og klok plate.
Joan Shelly har slått seg til ro.
Foto: Mickie Winters
Folk
Joan Shelley:
The Spur
No Quarter
Kvart barn ser det, kvart barn veit, heiter det i «Amberlit Morning», kanskje den finaste songen på Joan Shelleys nye album The Spur. Låten dveler ved det unge blikket mot verda, og det dette kan romme av visdom og uskuld og av tørst på råe, sanselege inntrykk. Med henne syng Bill Callahan, i det som står fram som ein refleksjon over barndom – både slik han ser ut i minnet, og slik vi kan få auge på han på nytt, om vi sjølve får barn.
Songen er forsiktig og delikat framført, med dempa gitarspel, slik at møtet mellom røystene som står fint til kvarandre, får den plassen det treng. Nathan Salsburg, som Shelley har arbeidd med i ei årrekkje, og som ho no også deler livet med, på ein gard i Kentucky, er også med, og har vore det frå materialet først tok form.
Kvalitet
Det var våren 2021, då Shelley var sju månader på veg med eit barn dei har saman, at dei to tinga nokre dagar i eit platestudio ikkje langt frå der dei budde, og dei spela inn grunnlaget for det som til slutt vart The Spur, etter at produsent James Elkington deretter la til bass, trommer, strykarar og blåsarar på nokre av spora i Chicago.
Eg har skrive om Shelley på desse sidene før – om den Jeff Tweedy-produserte Joan Shelley (2017), og Like the River Loves the Sea (2019), som Elkington også var produsent på – og begge desse utgivingane vitna om dei kvalitetane som gjer seg gjeldande med full styrke på The Spur, som er trubadurens beste album så langt.
Eg har lytta ein heil del til dei tolv songane på plata dei siste vekene, for dette er musikk som passar godt på forsommaren, på den tida av året då det kan kjennest som om det som omgir ein, vaknar til live.
Tvil
Artisten fortel om ei sterk tilknyting til dei nære omgivnadene i fleire intervju, men kjensla av å ha hamna på ein plass der ho vil vere i livet, fører heldigvis ikkje til at songane er plaga av verken sentimentalitet, nostalgi, eller pastoral idyll – berre lytt til ein song som «Home», med mange klangbotnar, eller «Why Not Live Here», som rommar ei oppmoding til ein rastlaus venn om å slå seg til ro, om så berre for ei stund, for det finst også ei eiga ro i inntil vidare å akseptere det uavklarte.
Tvilen dukkar i det heile opp i mange av låtane til Shelley, som i opnande «Forever Blues», som sirklar rundt det gnagande spørsmålet som brått kan gjere seg gjeldande i eit menneskeliv, enten det er ungt eller gammalt: «Am I losing you?» Det finst som kjent mange måtar å miste nokon på. Når avsluttande «Completely» fortel at einsemd og samhald kan eksistere til same tid i eit menneskeliv, er The Spur ramma inn akkurat slik plata bør, for det er håpet som får det siste ordet.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.