Arkivet: Baudelaire i Bergen
Susanna Wallumrød spelar i Bergen laurdag 23. oktober.
Foto: Susannamagical.com
I morgon kveld gjestar Susanna Wallumrød Litteraturhuset i Bergen for å framføre songar frå Baudelaire & Piano, albumet der ho toneset ti dikt frå Charles Baudelaires Det vondes blomar. Utgivinga fekk flotte kritikkar då ho kom ut for vel eit år sidan.
Det har gått 200 år sidan Charles Baudelaire vart fødd, 9. april i Paris, og det skortar ikkje på jubileumsmarkeringar rundt om i verda. Mellom mine favorittar dette året er nok ein gimmick, pønska ut av den italienske bonden som pløgde portrettet til poeten inn i ei mark og la inn ein aldri så liten referanse til eit visst virus («Le Virus du Mal»).
Sjølv hadde eg mitt første møte med Baudelaires poesi i eit auditorium som litteraturstudent midt på 1990-talet, då eg hadde den udelte gleda av å høyre Per Buvik førelese om temaet. Ei perfekt oppvarming til konserten klokka halv sju bør difor vere å høyre den framifrå formidlaren Buvik snakke om Baudelaire i Litteraturhuset ein time før Wallumrød plasserer seg ved tangentane.
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
I morgon kveld gjestar Susanna Wallumrød Litteraturhuset i Bergen for å framføre songar frå Baudelaire & Piano, albumet der ho toneset ti dikt frå Charles Baudelaires Det vondes blomar. Utgivinga fekk flotte kritikkar då ho kom ut for vel eit år sidan.
Det har gått 200 år sidan Charles Baudelaire vart fødd, 9. april i Paris, og det skortar ikkje på jubileumsmarkeringar rundt om i verda. Mellom mine favorittar dette året er nok ein gimmick, pønska ut av den italienske bonden som pløgde portrettet til poeten inn i ei mark og la inn ein aldri så liten referanse til eit visst virus («Le Virus du Mal»).
Sjølv hadde eg mitt første møte med Baudelaires poesi i eit auditorium som litteraturstudent midt på 1990-talet, då eg hadde den udelte gleda av å høyre Per Buvik førelese om temaet. Ei perfekt oppvarming til konserten klokka halv sju bør difor vere å høyre den framifrå formidlaren Buvik snakke om Baudelaire i Litteraturhuset ein time før Wallumrød plasserer seg ved tangentane.
Øyvind Vågnes
Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.