Arkivet: Sonic Youth
Kim Gordon og Sonic Youth på ein konsert i New York i februar 2008.
Foto: Evan Agostini / AP / NTB
Det fanst mangt av innspelt musikk som ikkje kom ut i den tida Sonic Youth eksisterte (1981–2011), og kvifor ikkje då lage eit arkiv på Bandcamp der interesserte lyttarar kan grave litt i skuffene til bandet? Som sagt, så gjort, og siste tilskot på den kanten er dei fem spora samla på In/Out/In (Three Lobed Recordings), som dokumenterer åra etter tusenårsskiftet, med to studioopptak frå Echo Canyon Studio i New York (2000), eit opptak frå ein lydsjekk på ein konsert i Pomona i California (2010) og to heimeopptak (2008).
For folk som meg, som var seint nok ute til verkeleg å oppdage Sonic Youth med seine album som Murray Street (2002) og The Eternal (2009), for så å gå tilbake til plater som Daydream Nation (1988), er kanskje denne utgivinga særleg interessant. Då kan ein oppdage «Machine», eit spor laga under arbeidet med den femtande og siste studioplata, The Eternal, som er såpass eksperimentelt at det ikkje vart teke med den gongen. Bandcamp-sida til bandet er også staden om du ønskjer å finne gamle konsertopptak som dokumenterer dei ulike fasane i denne indieinstitusjonens rikhaldige historie.
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Det fanst mangt av innspelt musikk som ikkje kom ut i den tida Sonic Youth eksisterte (1981–2011), og kvifor ikkje då lage eit arkiv på Bandcamp der interesserte lyttarar kan grave litt i skuffene til bandet? Som sagt, så gjort, og siste tilskot på den kanten er dei fem spora samla på In/Out/In (Three Lobed Recordings), som dokumenterer åra etter tusenårsskiftet, med to studioopptak frå Echo Canyon Studio i New York (2000), eit opptak frå ein lydsjekk på ein konsert i Pomona i California (2010) og to heimeopptak (2008).
For folk som meg, som var seint nok ute til verkeleg å oppdage Sonic Youth med seine album som Murray Street (2002) og The Eternal (2009), for så å gå tilbake til plater som Daydream Nation (1988), er kanskje denne utgivinga særleg interessant. Då kan ein oppdage «Machine», eit spor laga under arbeidet med den femtande og siste studioplata, The Eternal, som er såpass eksperimentelt at det ikkje vart teke med den gongen. Bandcamp-sida til bandet er også staden om du ønskjer å finne gamle konsertopptak som dokumenterer dei ulike fasane i denne indieinstitusjonens rikhaldige historie.
Øyvind Vågnes
Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.