Gabriels metode
Peter Gabriel går på scenen Bergen i kveld med eit knippe nye songar på repertoaret.
Peter Gabriel har med seg Manu Katché på trommer, Tony Levin på bass og David Rhodes på gitar på turneen.
Foto: York Tillyer / Real World Records
Rock
Peter Gabriel:
Diverse singlar
Real World Records
Når 73-åringen Peter Gabriel går på scenen i Bergen i kveld – den einaste konserten i Noreg på årets turné – er det ikkje berre ein lang nostalgiparade frå ein rik karriere publikum kan vente seg. Halvparten av dei vel 20 songane han spelar, er nemleg nye av året, og av desse igjen er ikkje halvparten utgitt enno. Repertoaret er dermed i seg sjølv ei markering – frå ein artist som kunne gjort det lett for seg sjølv, og slege seg til ro med ei langt meir tilbakeskodande haldning til møtet med nye og (særleg) gamle lyttarar. Tøft!
Finst det andre artistar som tenkjer så gjennomgåande konseptuelt på alt dei føretek seg? Ikkje berre i tilnærminga til den overordna tematikken og estetikken i den musikalske produksjonen, men også i distribusjonsmåtane, er det ein slags konsekvens i den gabrielske metoden. Så langt i år har han sleppt fem nye songar, kvar gong det er fullmåne, noko som tyder at vi kan vente oss ein ny låt i morgon. Før året er omme skal albumet i/o vere ein realitet, den første plata med nytt materiale sidan Up (2002).
Gjennomtenkt
Konturane på det nye albumet tek dermed form, og dei nye songane må seiast å vere «typisk Gabriel», noko som vel neppe overraskar trufaste lyttarar, for låtskrivaren hadde faktisk mengder med musikk som aldri fekk plass på Up for vel tjue år sidan. Heile prosessen ber altså preg av at vi har å gjere med ein artist som tek seg tid og dessutan har ei perfeksjonistisk og gjennomtenkt haldning til det å gi ut musikk.
Dermed vart eg ikkje overraska då det viste seg at eg alt hadde høyrt «Playing For Time», den finaste av dei fem låtane han har kome med i år, før. Gabriel framførte nemleg songen då eg var på konsert i London for ti år sidan. Då hadde han enno ikkje ein tekst på plass, orda berre likna ord i framføringa – også eit dristig val. Likevel var det tydeleg at det dreidde seg om ein klassisk Gabriel-ballade av typen «Father, Son» (2000) eller «Washing of the Water» (1992). Sidan 2013 har songen funne sin identitet, og «Playing For Time» har erstatta det «nonsensiske» med krystallisert livsvisdom.
Den første singelen, «Panopticom», som kom på nyåret, er i mine øyre den svakaste av dei nye songane, og han verkar noko tyngd av bodskapen, synest eg – somme gonger er det som om Gabriel vert for fiks, og resultatet vert litt baktungt, til same tid overtydeleg og snirklete. Tja, tenkte eg. Men så har det gått slag i slag etter dette, med den eine oppturen etter den andre.
Idérikdom
Eggande, kryptiske «The Court» er både skarpare og opnare, medan tittelsporet «i/o» høyrer til mellom Gabriel-komposisjonane med tydelegast allsongpotensial. Endå sterkare er siste song ut så langt, «Four Kinds of Horses», som kom i mai, der ein for alvor høyrer at Brian Eno har funne vegen inn i studio. Låten har vorte tolka som ein kritikk av fundamentalisme og terrorisme, via ein suggestiv referanse til ein buddhistisk parabel.
Songane til Gabriel har alltid vore komplekse, kjenneteikna av ein idérikdom kombinert med eit auge for dei mest presserande spørsmåla i samtida. For lesarar som vil gå djupare inn i dette, vil eg tilrå Susanne Christensens fine, ferske essay om artisten på nettsidene til litteraturtidsskriftet Vagant.
Eg høyrde Gabriel først på konsert i Oslo Spektrum våren for 30 år sidan, året etter at han gav ut Us (1992). Dei sentrale musikarane som er med på i/o og kjem til Koengen i morgon, og var med han i London for ti år sidan, er dei same som den gongen, i april 1993: Manu Katché på trommer, Tony Levin på bass og David Rhodes på gitar.
Soliditet, kombinert med ei nyfiken haldning til det notidige – slik var, og er, Gabriels metode. Eg ser fram mot kveldens konsert med store forventningar.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.