Hoem og Hoem funkar som ei kule
Ine Hoem er ein framifrå tekstformidlar.
Viser/pop
Ine Hoem:
Alt vi har kjært
Ine Hoem, vokal; Markus Lillehaug Johnsen, gitar; Andreas Ulvo, tangentinstrument; Jo Berger Myhre, bass; Pål Hausken, trommer; Mathias Eick, trompet (4); Thorbjørn Harr, vokal (7)
Slaraffensongs
Det var med blanda forventningar eg sette på denne CD-en. Kor godt ville det litterære universet til Edvard Hoem gå i hop med det musikalske universet til Ine Hoem? Det enkle svaret er – heilt ok.
Alle dei ni songane har tekst av Edvard Hoem, men Ine Hoem har fått hjelp av Henning Sommerro og Håkon Berge med komponeringa. Sommerro har signert tre låtar, og Berge har sett tone til det absolutte høgdepunktet på plata «No stig vår song». Berge har på magisk vis konstruert ein melodi og ei harmonisering som gjev ei perpetuum mobile-kjensle.
Arrangementa er oftast sparsame, og det fine bandet ho har med seg, legg kledeleg band på seg. Lydbiletet set vokalen i framgrunnen, og tekstane vert formidla krystallklart på ein liketil måte. Sommerros «Sorgsalme» og Hoems eigen «Alt vi har kjært» illustrerer dette på framifrå vis. (Likevel hadde det vore ynskjeleg at tekstane stod på omslaget.)
Minst vellukka er «Så syng eg da ein song for deg». Teksten kjem ikkje til sin rett i denne raske og føreseielege poplåten, men dette er det eine unnataket. Elles opnar produksjonen ikkje opp for improviserte sekvensar. Unnataket er «Den fattige Gud» der Mathias Eick på karakteristisk vis serverer eit kort og formfullenda trompetkor. Ei plate for mørke vinterkveldar.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Viser/pop
Ine Hoem:
Alt vi har kjært
Ine Hoem, vokal; Markus Lillehaug Johnsen, gitar; Andreas Ulvo, tangentinstrument; Jo Berger Myhre, bass; Pål Hausken, trommer; Mathias Eick, trompet (4); Thorbjørn Harr, vokal (7)
Slaraffensongs
Det var med blanda forventningar eg sette på denne CD-en. Kor godt ville det litterære universet til Edvard Hoem gå i hop med det musikalske universet til Ine Hoem? Det enkle svaret er – heilt ok.
Alle dei ni songane har tekst av Edvard Hoem, men Ine Hoem har fått hjelp av Henning Sommerro og Håkon Berge med komponeringa. Sommerro har signert tre låtar, og Berge har sett tone til det absolutte høgdepunktet på plata «No stig vår song». Berge har på magisk vis konstruert ein melodi og ei harmonisering som gjev ei perpetuum mobile-kjensle.
Arrangementa er oftast sparsame, og det fine bandet ho har med seg, legg kledeleg band på seg. Lydbiletet set vokalen i framgrunnen, og tekstane vert formidla krystallklart på ein liketil måte. Sommerros «Sorgsalme» og Hoems eigen «Alt vi har kjært» illustrerer dette på framifrå vis. (Likevel hadde det vore ynskjeleg at tekstane stod på omslaget.)
Minst vellukka er «Så syng eg da ein song for deg». Teksten kjem ikkje til sin rett i denne raske og føreseielege poplåten, men dette er det eine unnataket. Elles opnar produksjonen ikkje opp for improviserte sekvensar. Unnataket er «Den fattige Gud» der Mathias Eick på karakteristisk vis serverer eit kort og formfullenda trompetkor. Ei plate for mørke vinterkveldar.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Fårete blikk: Sjølvsagt ser maten din på deg. Korleis skulle han elles finne vegen til slaktehuset?
Foto: Wikimedia Commons
Sjølvsagt er vi ikkje dei einaste som har skjøna at hovudet til sauen er god mat.
Midtfjords: ein attraksjon Fylkesbaatane var åleine om.
Foto frå boka: Ole Fretheim
Friskt om ferjer
«Til og med bilar vart køyrde frå den eine ferja til den andre midt ute på fjorden.»
Det var ein emosjonell augneblink for unge Gukesh då VM-sigeren var klar.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
Gukesh den attande
Den 18. verdsmeisteren sidan 1886 er berre 18 år gamal, indaren Gukesh Dommaraju.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.