Hymne til håpet
Mats Eilertsen kvartett har laga årets plate.
Mats Eilertsen har skrive alle komposisjonane på det nye albumet som kjem ut i dag.
Foto: CF Wesenberg / matseilertsen.com
Jazz
Mats
Eilertsen:
Hymn for Hope
Tore Brunborg, saksofon; Thomas Dahl, gitar; Mats Eilertsen, bass; Hans Hulbækmo, trommer.
Hemli / Tiger Records
I haugen av plater ein får til melding gjennom året, vel eg konsekvent dei utgjevingane det er verdt å tilrå, men også i den mindre haugen av gode plater er det nokon som skil seg ut. Hymn for Hope er ei slik. Plata vart send til meldarane for fem månader sidan, men vert sleppt i desse dagar. Denne plata har eg lytta gjennom minst femti gonger (langt fleire gonger enn det som trengst for å gjera seg opp ei kvalifisert meining). Dette er rett og slett årets utgjeving i 2021.
Dei 13 komposisjonane til Mats Eilertsen spenner vidt, frå korte lyriske stemningar til musikalske eventyrferder på ti minuttar. Så mangfaldig er utvalet at eg var sikker på at alle i kvartetten hadde bidrege til komponeringa, men det har dei sjølvsagt gjort med arrangeringa.
Arrangementa og samspelet er makelaust. Ikkje berre er samspelet tett på grensa til det telepatiske, men variasjonane er «endelause» på alle plan i musikken. Likevel er dette ei saksofonkvartettplate som på kammermusikalsk vis ikkje byr på heile seg ved første gjennomhøyring. At det tek ei stund før ein «avslører» løyndomane, kjem også av at plata har fleire tema med «hitpotensial», men etter kvart kjem sanninga for ein dag, og ein blir frelst.
Aksen Brunborg–Dahl er musikalsk høgspenning plata igjennom. Eg har ikkje høyrt nokon av dei betre på plate. Hulbækmo fortener all den rosen eg og andre meldarar har gjeve han tidlegare. Innsatsen på denne plata forsterkar inntrykket av ein komplett trommeslagar. Eg vil understreka perkusjons- eller fargeleggingseigenskapane ved dette høvet. Mats Eilertsen strålar varme og autoritet plata igjennom. Det må kjennast godt å ha laga noko slikt som Hymn for Hope.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
–FN-soldatane er det internasjonale samfunnets gissel mellom Israel og Hizbollah, seier Robert Mood.
Teikning: May Linn Clement
«Vladimir Putin har grunn til å vera nøgd med stoda i krigen i Ukraina.»
Reisande på Gardermoen i juni i år. Oslo lufthamn er i særklasse den mest lønsame flyplassen Avinor driv. Dei aller fleste norske flyplassane går med underskot.
Foto: Javad Parsa / NTB
Avinor-krisa tok ikkje slutt da pandemitiltaka gjorde det. Kan det vere styringsmodellen det er noko gale med?
Amerikanske grensevaktar om bord i eit hydroplanfartøy med vasspropell på Rio Grande. I vasskanten: våte klede som migrantar har late att. Bak: konteinarmuren.
Alle foto: Håvard Rem
Ei grensevakt fortel
EAGLE PASS: Der kvite vert færre, vert Republikanarane sterkare, her
i Texas som i Florida. Er dette «å mista Groruddalen» på amerikansk?
Brosundet i jugendbyen Ålesund.
Foto: Halvard Alvik / NTB
Opprør utan variasjon og dekor
«Opprørarane sveisar fast at berre den typen arkitektur opprørarane sjølve godtek, er kultur.»