JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Metodeskuggespel med filter

Yanyas tredje album er innovervendt og lite oppsiktsvekkjande.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2006
20240913
2006
20240913

Rock

Nilüfer Yanya:

My Method Actor

Ninja Tune

Den britiske songaren og gitaristen Nilüfer Yanyas tredje album, My Method Actor, går rett på sak med songen «Keep On Dancing». Ein kort vokalmelodi går på repeat med andre ord over røffe, nakne gitarar; all botn er filtrert – isolert – bort frå trommespelet; diverre spelar dei ikkje på lag i same lydbilete. Her manglar den mangetydige samanstillinga av harmoniar og stilelement som pregar mykje av Yanyas tidlegare arbeid.

Medan trommene snik seg eit hakk lenger fram i miksen på spor to, læt arrangementet spinkelt og overlest på same tid. Lydbiletet på songen, som heiter «Like I Say (I runaway)», er kaldt og tynt: Ein kan formeleg høyre at artist og produsent har jobba åleine med kvarandre, flykta og isolert seg frå omverda.

På tredjesporet «Method Actor» køyrer Yanya på med sine dissonante støygitarriff, og trommeslageriet vågar seg ut på meir kontant territorium. Dette gir eit frigjerande løft. Her kjem kombinasjonen av sørgmodig introversjon og sjenert aggresjon til sin rett: Yanyas ublyge bruk av atonalitet og vreng fungerer godt opp mot den djupe og luftige altstemma hennar, med fri intonasjon og laus diksjon. Her.

Dette er høgdepunktet på plata, og så fell ho saman att. Kombinasjonen av triphopliknande bakpå-beats og lag på lag med gitar og kammerpopstrykarar på «Ready For Sun (touch)» blir til eit kaos av for lite og for mykje på same tid. «Faith’s Late» flyktar desto lenger innover: Dette er ein einsam korsong om einsemd understøtta av pompøst, gnålete stryk.

Diverre er albumet dominert av ei kjensle av å sitje fast i ei hengemyr av usikker tenåringsangst. Kan hende er det metoden, produksjonsisolasjonen, som ikkje passar til verda slik ho er for tida. Kan hende har vi vore isolerte nok dette tiåret. Resultatet manglar iallfall djupne og resonans.

Rasmus Hungnes

Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigrun Slapgard er forfattar og journalist og har skrive ei rekkje kritikarroste biografiar og dokumentarbøker, særleg om sterke kvinnelagnader.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Frikjend av Slapgard

Alle var på fornamn med statsministerektefellen Werna Gerhardsen på 1950-talet. Også KGB.

ArildBye

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).

Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Klår kulokk

Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis