JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Ny muskikutgiving

Baggy$$ er ei øving i å ha lite å seie, å seie minst mogeleg, å ikkje seie noko særleg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1864
20240920
1864
20240920

Pop

Fcukers:

Baggy$$

Technicolour

Fcukers er eit band. Dei tre medlemmene ser ut til å vere avdanka rockarar frå New York som bestemte seg for å slutte å lage indie til fordel for å leike seg med house og trommemaskiner. Kvifor ikkje?

Stilmessig minner dette om electroclash og new rave à la CSS og Peaches: Her er det partystemning som tel. Her er det houseflosklar og punkekul attityde som fortel. «Homie Don’t Shake» er ein cover av Beck-låta «Devils Haircut», og det siste som skjer, er at songaren seier «cool». Etter eitt take i studio, får ein tru. Det lèt til at Fcukers berre gjer det. Og så er det feitt nok med feilstava bandnamn, til dømes.

Vi kritikarar er i den ulukksalige situasjonen at vi skal synse – stryk det, forme meiningar om kunst og kultur. Kva viss eit verk, til dømes Baggy$$ av Fcukers, ikkje har ei meining? Gir det meining? Det skal vere sikkert og visst.

I førre avis skreiv eg om Nilüfer Yanyas Method Actor, ei utforsking av retraumatiseringa ein metodeskodespelar går igjennom for å hente fram «ekte» kjensler frå seg sjølv. Heath Ledger tok livet av seg etter å ha spelt Joker med slik metode. Kva med sjåaren eller lyttaren? Er det sunt å utsetje seg for slikt? Det kjem vel an på. Nokre gonger må ein ikkje gi eller gi ein einaste «f».

Det skal ikkje så mykje til, er det som om Fcukers seier. Det er sant nok, det: Dette er ei plate som gir seg ut for å ikkje handle om noko, og det kan jo òg vere noko. Kan hende er det radikalt, kan hende det er eit tidsriktig opprør i å gi eller ikkje gi ein einaste «f», å praktisere ein slags antivirtuositet, antikunst. Greitt nok, dette, og greitt nok er definitivt ein kvalitet. Kven bryr seg?

Rasmus Hungnes

Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis