Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Skuggar og lys

Vårens Joni Mitchell-boks dokumenterer dei mest markante jazzåra hennar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Joni Michell på musikkfestivalen Bread & Roses i 1980.

Foto: Richard McCaffrey / jonimitchell.com

3522
20240621
3522
20240621

Rock

Joni Mitchell:

The Asylum Albums (1976–1980)

Rhino

«Du song livet mitt», sa Meryl Streep i ein videotale til Joni Mitchell då artisten vart tildelt Grammypris i 2022 – det viste seg at skodespelaren hadde eit livslangt, intenst forhold til musikken til Mitchell. Og no følgjer eit fint, lite essay av Streep med ein ny boks, The Asylum Albums (1976–1980), som opnar dørene inn til ei tid som vart viktig for Mitchell.

Utgivinga rommar fire (i lydleg forstand) «nyoppussa» utgivingar frå ein fascinerande kunstnarleg periode: Hejira (1976), Don Juan’s Reckless Daughter (1977), Mingus (1979) og Shadows and Light (1980). Platene som kom rett før desse, Court and Spark (1974) og The Hissing of Summer Lawns (1975), var kjenneteikna av ei utvikling bort frå det akustiske uttrykket på dei første platene til Mitchell, og i retning av noko rikare og meir samansett. Denne tendensen heldt fram på siste halvdel av 1970-talet, og då særleg i form av ei markant orientering mot jazzen, på det som skulle verte dei siste utgivingane på plateselskapet Asylum.

Joni Mitchell på turné i 1979 med jazzmusikarane Lyle Mays (piano), Pat Metheny (gitar), Don Alias (trommer), Jaco Pastorius (bass) og Michael Brecker (tenorsaksofon).

Skjermdump frå konsertopptaket

Oppbrot og brot

Særleg får dette utslag på Hejira i form av Jaco Pastorious sin bandlause bass, som viste seg å passe utmerkt med Mitchells særeigne gitarspel på fire spor – mellom dei den storarta opninga «Coyote». Hejira er verkeleg eit framifrå album, fullt av rørsle og reiser, av oppbrot og brot, med heilt klare forankringar i nokre turbulente år i Mitchells biografi – ein slags mosaikk av road movies.

Når ein lyttar tilbake til platene Joni Mitchell laga i desse åra, vert ein slegen av kor kompromisslause dei er. Det dreier seg om ein eventyrlysten og utprøvande periode då ho gjekk sine eigne vegar, utan å tenkje for mykje på kommers og platesal.

Denne impulsen gjer seg særleg gjeldande på Mingus, som hadde sitt opphav i eit samarbeid med den legendariske jazzbassisten Charles Mingus (1922–1979), som har komponert ein del av materialet. Mingus gjekk bort undervegs, og Mitchell ikkje berre dediserte plata til han, men enda opp med å nærme seg livet hans, sett i lyset av breiare afrikansk-amerikansk historie, på verket som til slutt vart Mingus – der Pastorious får selskap av folk som Wayner Shorter og Herbie Hancock.

Ein fryd

På konsertopptaket Shadows and Light, som er gjort sommaren 1979, får Pastorious og Don Alias (trommer) følgje av Pat Metheny (gitar), Lyle Mays (tangentar) og Michael Brecker (saksofon). Kor mange år som har gått sidan eg sist lytta til dobbeltalbumet, veit eg ikkje, men det er vanskeleg å konkludere annleis enn at eg undervurderte utgivinga, eller at fokuset var ein annan stad – gjerne på meir ikoniske Mitchell-album. Shadows and Light er dermed ei gledeleg nyoppdaging for meg – det er ein fryd å høyre Metheny og Mitchell i fri utfalding på tredje plateside.

Samla sett står det fjerde volumet i Mitchells Asylum-serie fram som ei markering av kunstnarleg integritet. Ei plate som Mingus kan aldri verte folkekjær slik som Blue (1971), men har likevel sin eigen umistelege plass i katalogen.

Slik står dei verkeleg store artistane seg over tid – med plater som lèt dei finne vegen inn i nye musikalske landskap, i retning av noko nytt, noko anna. Og det går sjølvsagt an å oppdage desse platene, anten ein kostar på seg praktboksen, som er utstyrt med ny lyd og flott biletkunst av Mitchell, eller ei.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis