Musikkbok
Steven Hyden:
There Was Nothing You Could Do: Bruce Springsteen’s Born in the U.S.A. and the End of the Heartland
Hachette Books
Snart rullar Springsteen-sirkuset inn i Bergen, som er einaste norske stoppestad på denne runden. Har du billett, kan du sjølvsagt forvente ein veritabel rockemaraton, med eit trettital songar før kvelden senkar seg over eit kapasitetsutfordra Koengen. Og sjansane er store for at ein god klunk av låtane kjem frå Born in the U.S.A. (1984), albumet som representerte det definitive, kommersielle, globale gjennombrotet for Springsteen. Rett som det er, spelar gjengen på scena halve plata og vel så det, noko som gjer utgivinga til den som artisten har spela mest frå etter Born To Run (1975).
Vil det seie at det går an å fylle ei heil bok med analyse og refleksjon rundt albumet? Tydelegvis, i alle fall om forfattaren heiter Steven Hyden. Då eg gjekk i gang med å lese There Was Nothing You Could Do: Bruce Springsteen’s Born in the U.S.A. and the End of the Heartland, håpa eg på breidda og djupna frå forfattarens framifrå This Isn’t Happening: Radiohead’s Kid A and the Beginning of the 21st Century (2020). Eg vart ikkje skuffa.
Hydens essayistiske, grundande skrift kjem tett på musikken, men rommar også både kulturanalytiske og historiske sveip, og naudsynt kontekstualisering og aktualisering. Forfattaren maktar å skrive personleg og nært, utan at anekdotane skyv fokuset over på han sjølv, og det er viktig – skal ei bok som dette lukkast, er det av openberre grunnar særleg avgjerande at ikkje nostalgien får overtaket.
Allemannseige
Med Born in the U.S.A. vart Springsteen allemannseige, og den utgåva av artisten som snart vitjar Bergen, tok form. På turneen som følgde, var repertoaret meir stabilt frå kveld til kveld enn før, med innøvd koreografi og førehandsskrive snakk mellom songane, perfeksjonert og utført i det velolja maskineriet som er stadionrock, der det er mindre plass til den spontaniteten, villskapen og rufsete sjarmen som hadde kjenneteikna tidlegare konsertar i klubbar og på arenaer. Springsteens vedvarande appell kom ikkje minst av at han takla denne overgangen så godt – ingen annan artist har makta å skape ei større kjensle av nærleik og intimitet i dette formatet.
Hyden var seks år gammal då han først høyrde Born in the U.S.A., i baksetet i familiebilen. Sjølv var eg tolv. Vi tralla begge med, utan å forstå stort anna enn at det var fint å høyre på. Som Hyden skriv, gjekk mange som i ung alder oppdaga Springsteen gjennom dette albumet, vidare til å vurdere andre plater som langt viktigare – særleg Born to Run, Darkness on the Edge of Town (1978) og Nebraska (1982). Og likevel er det kanskje berre fenomenet Born in the U.S.A. som i all si breidde er verdt ei heil bok. Boka skildrar korleis Springsteen i somme periodar har prøvt å frigjere seg frå avtrykket utgivinga skapte – og i andre periodar har prøvt å finne tilbake til det.
Hyden skriv innsiktsfullt om både store, avgjerande ting, som den kritiske fasen samarbeidet mellom Springsteen og Little Steven gjekk gjennom i arbeidet med plata, og mindre, men like viktige ting, som kor viktig den definerande Yamaha-synten vart.
Store liner
Han går i rette med kritikken mot Springsteen som inautentisk talsmann for den amerikanske arbeidarklassen, men får fram kvifor artisten likevel kom dårleg ut av fjorårets strid om billettprisar. For nerdar som meg er det mangt av snadder: Hyden er typen til å setje saman eit fiktivt oppfølgjaralbum tenkt utgitt før Tunnel of Love (1987), med songar Springsteen spelte inn, men ikkje sleppte frå seg, og til å sende lesaren rett til YouTube for å finne eit bestemt konsertopptak frå sommaren 1981.
Den fremste kvaliteten er nok likevel forfattarens evne til å trekkje dei heilt store linene og bruke eit enkelt album som prisme idet han teiknar eit bilete av nokre av endringane som ikkje berre musikken, men også USA har gått gjennom i tiåra som har følgt. Springsteen aspirerer til «ein møteplass på midten», hevdar Hyden, og spekulerer i kva ein slik posisjon fører med seg av utfordringar i dag – i eit splitta land på terskelen til eit potensielt katastrofalt vegskilje.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen, og fast musikkskribent i Dag og Tid.