Folk
Dorothy Carter:
Troubadour
Drag City
Kva er dette? Spørsmålet gjorde seg gjeldande då eg først lytta til «Troubadour Song», opningssporet på Troubadour, eit album som kom første gong i 1976, og som plateselskapet Drag City no gir ut på nytt. Assosiasjonane gjekk straks til mellomalderen, på grunn av instrumentbruken, men samstundes kunne eg jo høyre at det dreidde seg om musikk frå vår eiga tid. Og dermed var eg dregen inn i universet til musikaren og folkloristen Dorothy Carter (1935–2003), ein fascinerande tilhaldsstad for musikkinteresserte.
For den nyfikne
Troubadour er ei utgiving for den nyfikne lyttaren. Instrumentet du frå første stund høyrer i møtet med albumet, er ein dulcimer, eit perkusjonsinstrument med strenger som gjerne er trekte over eit trapesforma lydbord, kjent for fleire frå nettopp europeisk mellomalder. For å spele på det treng ein to små, skeiforma hamrar. Eit slikt instrument, og andre som liknar på det, er utbreidd i tradisjonell musikk frå ulike område på heile planeten.
Å lytte til Troubadour er å få ei kjensle av dette omfattande nedslagsfeltet – her er det folkemusikk frå Appalachane, det gigantiske fjellområdet som strekkjer seg frå Canada i nord til dei amerikanske sørstatane i sør, og det finst salmar og hymner, i tillegg til songar med skotsk og fransk opphav, for å nemne noko. Slik seier Troubadour noko om musikken og menneska, og det som er sams, i det mange opplever som ei konfliktfull tid. Eg lyttar til «Balinderry» og «Ukrainian Carol» og tenkjer mitt. Musikken følgjer sine eigne ruter, kryssar sine eigne grenser.
Det gjorde også Carter, som levde eit fascinerande liv – heile denne spalta kunne ha vore vigd det, frå reiser i Mexico seint på 1950-talet til ulike krumspring med Central Maine Power Company på 1970-talet, i alt frå planetarium til moderne kunstmuseum. Noko fritt og viltert smittar også over i det musikalske uttrykket, som for denne lyttaren har noko nomadisk over seg.
Omfarande diktarar
Trubadurens song er songen til den reisande, og musikken har sin eigen kartografi. Sjølve ordet «trubadur» kjem frå fransk mellomalder, og vart opphavleg brukt om omfarande diktarar som framførte poesi og songar og akkompagnerte seg sjølv på harpe. I moderne tid vert det gjerne knytt til visesongen og tilhøyrande tradisjonar, og det var kanskje meir på moten for nokre tiår sidan – same året som Carter gav ut si debutplate, gav også J.J. Cale ut eit album med same tittel.
Samstundes er det likevel noko med Troubadour som talar til oss i 2024. Slik har nok også Drag City tenkt når dei gir albumet nytt liv denne sommaren, og slik tenkte også Palto Flats og Putofeje Records då dei i fjor gav ut Carters Waillee Waillee. Eg bukkar og takkar, for dette er plateselskap som driv eit umisteleg formidlingsarbeid, og som gjer musikkverda rikare.
Troubadour kjem ut 30. august.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen, og fast musikkskribent i Dag og Tid.