Forfattar og filmskapar Elin Grimstad er nominert.
Foto: Det Norske Samlaget
Nominert til Oscar
Å bli nominert til Oscar-prisen får ikkje alle oppleva. No er filmane som er «langlista» til dei ulike Oscar-kategoriane, offentleggjorde, og lista over nominerte kortfilmar er interessant for bokglade nordmenn: Lista inneheld 63 titlar, berre fire nordiske filmar er med, og ein av dei er filmen til barnebokforfattar Elin Grimstad, som gav ut Månen som ville lyse som ei sol på Samlaget i 2012. Grimstad er nominert med animasjonsfilmen Eternal Hunting Gounds. Neste steg i prosessen er at lista på 63 filmar skal kokast ned til fem nominerte.
Årets bibliotek 2017
Sidan 1988 har Norsk Bibliotekforening delt ut prisen for Årets bibliotek. I år kom det inn 25 framlegg, melder dei i ei pressemelding. Av dei har ein jury plukka ut tre nominerte: Gulskogen skolebibliotek, Biblo Tøyen og Stormen bibliotek. Vinnaren blir annonsert 11. januar 2018. Prisen er ein kunstgjenstand, står det på nettsidene til Norsk Bibliotekforening.
Orwell ruvar
No kan tilsette i BBC i London nyte synet av ein ruvande statue av ei legende i engelsk litteratur, forfattaren George Orwell, som mellom anna er kjend for Animal Farm. Statuen er utførd av Martin Jennings, og viser ein framoverlend Orwell med ein sigarett i handa. Han er plassert ved Broadcasting House. Tida som radioreporter i BBC var stutt; Orwell slutta alt etter to år, i 1943, for å bruke meir tid på skriving. BBC-tilsette seier til The Guardian at statuen inspirerer dei til å «jobbe hardare og stille dei brysame spørsmåla».
ronny@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Nominert til Oscar
Å bli nominert til Oscar-prisen får ikkje alle oppleva. No er filmane som er «langlista» til dei ulike Oscar-kategoriane, offentleggjorde, og lista over nominerte kortfilmar er interessant for bokglade nordmenn: Lista inneheld 63 titlar, berre fire nordiske filmar er med, og ein av dei er filmen til barnebokforfattar Elin Grimstad, som gav ut Månen som ville lyse som ei sol på Samlaget i 2012. Grimstad er nominert med animasjonsfilmen Eternal Hunting Gounds. Neste steg i prosessen er at lista på 63 filmar skal kokast ned til fem nominerte.
Årets bibliotek 2017
Sidan 1988 har Norsk Bibliotekforening delt ut prisen for Årets bibliotek. I år kom det inn 25 framlegg, melder dei i ei pressemelding. Av dei har ein jury plukka ut tre nominerte: Gulskogen skolebibliotek, Biblo Tøyen og Stormen bibliotek. Vinnaren blir annonsert 11. januar 2018. Prisen er ein kunstgjenstand, står det på nettsidene til Norsk Bibliotekforening.
Orwell ruvar
No kan tilsette i BBC i London nyte synet av ein ruvande statue av ei legende i engelsk litteratur, forfattaren George Orwell, som mellom anna er kjend for Animal Farm. Statuen er utførd av Martin Jennings, og viser ein framoverlend Orwell med ein sigarett i handa. Han er plassert ved Broadcasting House. Tida som radioreporter i BBC var stutt; Orwell slutta alt etter to år, i 1943, for å bruke meir tid på skriving. BBC-tilsette seier til The Guardian at statuen inspirerer dei til å «jobbe hardare og stille dei brysame spørsmåla».
ronny@dagogtid.no
Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.