Film

Opplagt uopplagt

Det er diverre berre litt skikk på chicklit-heltinna Bridget Jones.

Renée Zellweger og Chiwetel Ejiofor i den nye filmen om Bridget Jones. Foto: United International Pictures
Publisert Sist oppdatert

Komedie

Regi: Michael Morris

Bridget Jones: Mad About the Boy

Med: Renée Zellweger, Chiwetel Ejiofor, Leo Woodall, Hugh Grant

Kinofilm

Mr. Darcy er død, Bridget (Zellweger) er bikka femti, er småbarnsåleinemor og enke og får klare beskjedar: Ho må ha seg ut på datingmarknaden, ha seg tilbake på job, eller i det aller minste: berre ha seg. 

Men blir det den fornuftige naturfaglæraren på skulen til ungane, Mr. Wallaker (Ejiofor), eller den unge kjekkasen Roxster (Woodall)?

Ku vadis

Eg skal ikkje falla for freistinga til å plagiera meg sjølv, men eg kunne i grunnen kopiert størsteparten av meldinga mi av førre filmen, Bridget Jones' baby (2016). Kort oppsummert: Fyrste filmen Bridget Jones' dagbok (2001) var ikkje så verst, oppfølgjaren Bridget Jones – på randen (2004) mangla sjarmen og originaliteten, tredjefilmen var ei rein mjølkeku. Så kva gjer det denne siste til? 

I fare for å nytta opplagt, platt humor er det ikkje mykje mjølk igjen i jura til Bridget. Humoren i filmen er omtrent like sliten som den gigantiske høglivstrusa ho framleis dreg fram av skuffa si. Det er dumt, for det florerer ikkje av filmar der ein kvinneleg hovudperson får vera både attraktiv og kul etter fylte femti. 

Eg hadde låge forventningar som ikkje blei innfridde.

Brit Aksnes, filmmeldar

Eg hadde låge forventningar som ikkje blei innfridde, men når det er sagt: Dei som såg dei førre, eller i det minste dei som likte dei førre, vil nok sjå tilgjevande på si gamle veninne Bridget.

Gode sider

Det finst uansett fine poeng i filmen som eg synest fortener kudos: at Mr. Wallaker blir trudd av Bridget når han seier at går heilt fint å ikkje ha fått barn. Det er forfriskande uproblematisk og fint. Det same at den gamle flammen, rundbrennaren Daniel (Grant), framleis er inne i biletet, men no som onkel til ungane og god ven. For tenk, det går jo faktisk an. 

Og så lovar det svært godt at Mr. Wallaker har streng kustus på elevane sine. Kanskje det er eit velkome frampeik om at samfunnet er klart for å gjeninnføra strammare tyglar i skulen? Uansett, ver ikkje redd for at filmane har vorte aldeles for progressive: Her er plenty tøvete humor, Bridget som framleis tyllar i seg kvitvin, åleine eller med sine trufaste vener, og eit aldri så lite Coca-Cola Light Break-augeblikk i form av Roxster som hoppar i bassenget med kvit skjorte og muskuløs overkropp til gisp og gosj frå alle dei middelaldrande damene (og mennene) som glanar med open munn. 

Ja ja, har du bestilt Bridget Jones, så får du Bridget Jones!

Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.