Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MinneordSamfunn

Øyvind Vågnes (1972–2025)

«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Foto: Universitetet i Bergen

3942
20250110
3942
20250110

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Øyvind Vågnes døydde 7. januar, 52 år gamal. Tidleg i desember i fjor sende han melding om at han ikkje kunne levera tekstar til Dag og Tid med det fyrste. Han var sjuk og hadde vore innlagd på Haukeland sjukehus med ein sjeldan, hissig bakterieinfeksjon på lungene.

Øyvind har hatt lungefibrose sidan 2018, difor vart situasjonen raskt prekær. No var berginga Rikshospitalet og ein lungetransplantasjon. Den vart ikkje råd å få til.

Øyvind var frå Brattvåg, kommunesenteret i Haram kommune på Sunnmøre. Brattvåg er ei ung industribygd, som har orientert seg utover i verda. Øyvind var ein attpåklatt med tre godt eldre søsken. Mora var husmor, faren var rektor på ungdomsskulen.

Alt som ung skreiv Øyvind tekstar og vart som gymnasiast sentral i russeavisa. Han las mykje, eigne favorittar i vaksen alder vart Tarjei Vesaas og amerikanske Don DeLillo. Musikk har han høyrt på heile livet. Til alle tider, heime og ute.

I Dag og Tid har Øyvind meldt musikk sidan 2000 og var til å lita på. Han leverte tekstane til rett tid og med rett lengd, og alltid var dei gjennomarbeidde og velskrivne. Han var eit funn for ein avisredaksjon. Fyrste musikkmeldinga, som stod på trykk i oktober 2000, var ei melding av albumet Kid A av den britiske gruppa Radiohead.

Skal ei plateutgjeving fungera, meinte Øyvind, må ei eiga stemning vara gjennom heile plata. Det er det «estetikken i ei plateutgjeving dreier seg om. Vi skal merka at plata ikkje har forlate rommet etter at vi har spelt ferdig». Denne etterklangen måtte vera der.

Det siste tiåret har han vore hovudmeldar for populærmusikk i Dag og Tid. Arbeidet vart ein viktig del av fritida til Øyvind. Han heldt seg oppdatert på norsk musikk og gjekk kvar månad til Narvesen i Bergen og kjøpte dei to britiske musikkmagasina Mojo og Uncut. I tillegg fekk han ei mengd e-post frå plateselskap og musikarar med von om melding av musikken dei gav ut.

Han var litterær og skreiv lett. Seks romanar har han gjeve ut på Tiden forlag. For Ekko fekk han Nynorsk litteraturpris. Romanen handlar om tilhøyrsle og identitet, skildra gjennom hovudpersonen som kjem heim att til ei lita bygd etter å ha budd lenge i utlandet.

Så hadde han analytiske evner. Han tok doktorgrad og vart professor i medievitskap ved Universitetet i Bergen. Eit av dei sentrale vitskaplege arbeida hans er ein studie om filmopptaket som hobbyfotografen Abraham Zapruder tilfeldigvis gjorde av drapet på John F. Kennedy. Det er vorte ein av dei mest kjende filmsnuttane i verda. Øyvind drøftar korleis filmsnutten har gått frå å vera bevismateriale til eit estetisk uttrykk. Boka, skriven på framifrå engelsk, vart i 2011 nominert til American Publishers Awards for Professional and Scholarly Exellence.

Musikkfavorittane hans var mange – som Bob Dylan, Neil Young og Nick Cave. Og Kate Bush. Entusiastisk ringde han i 2014 og spurde om han kunne skriva reportasje frå den komande konserten hennar i London. Billettane til konsertrekkja Before The Dawn, den fyrste til Bush på 35 år, vart rivne bort på eit kvarter. Øyvind hadde sjølvsagt sikra seg billettar til London-konserten. Resultatet vart ein nydeleg tekst der Øyvind skildrar Kate Bush nærast som ei souldronning.

Men han likte òg å setja seg inn i rappmusikken som borna, Eskil og Amund, høyrde på. Og klassisk musikk, som er musikken til kona Birgit. Dei gjekk ofte i lag på torsdagskonserten til Harmonien i Grieghallen.

Det siste året har han hatt glede av den dansknorske jazzmusikaren Maria Kannegaard. Birgit og Øyvind hadde kjøpt billettar til opningskonserten hennar på årets Vossa Jazz.

Øyvind var god og mild. Du ser det på biletet av han. Han hadde eit vesen som kalla fram det beste i oss.

Våre tankar går til Birgit og borna Eskil og Amund som har mista ein mann og ein far i altfor ung alder. Og søskena Arne, Tone og Vigdis, og dei mange venene hans.

Svein Gjerdåker

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt

Feature

Arvingane til Amundsen

Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.

Hallgeir Opedal

Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Naturplan utan samling

Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.

Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Foto: Universitetet i Bergen

MinneordSamfunn
Svein Gjerdåker

Øyvind Vågnes (1972–2025)

«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»

Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.

Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.

Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Den livsviktige satiren

Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis