På høgd med det beste
Martin Baldysz’ tur i fjellheimen loddar djupt.
Martin Daldysz debuterte med ein roman i 2013. No er han aktuell med ein ny.
Foto: Helle Frogner
Roman
Martin Baldysz:
Vardane
Samlaget
Den smålåtne og lett fordrukne sauebonden Reidar Skåren får ein dag besøk av presten Ribe frå bygda. Han vil ha med seg «Fjellmannen» til å leite etter seterjenta Kirsten, som skal ha utført ei stygg ugjerning og sidan forsvunne. Rykta vil ha det til at ho framleis går omkring der oppe i fjella, og at ho no vil snakke med presten. Reidar blir så takksam over å bli kalla «Fjellmannen» og ikkje lenger «Skymingen» at han seier ja. Men nistedrikken må stå igjen, seier presten. Etter litt furting blir Reidar likevel med.
Meir Ibsen enn Holberg
Dei to er eit umake par, der dei legg i veg oppover i fjellet. Den eine sterk og fjellvand, den andre tungpusta og klønete. Den eine snakkar bygdemålet sitt, gjengitt i romanens nynorsk, den andre talar sitt dansk, skrive på arkaisk bokmål. Reidar har med seg ei hagle, i fall dei ser vilt dei kan skyte og ete. Når presten skal bere hagla og kjem i skade for å trekke av i utide, treffer han bakken og seier betutta: «Jeg rørte bare ved avtrekket.» Reidar svarar lakonisk: «Så får det bli nyskoten lyng til kvelds.»
Slik eg har presentert boka så langt, læt ho som ein slags komedie, ein kan for eksempel komme til å tenke på Holberg og hans kontrastar mellom by og land, lek og lærd, og korleis han gjerne snur opp ned på desse forholda. Men ein komedie er det ikkje, trass i assosiasjonane.
Under lesinga går tankane heller til eventyra, naturmytane, til Kittelsen, og til Ibsens Når vi døde vågner. Det er ei mystisk, magisk og dragande reise der tre personars fortid og notid blir vovne inn i kvarandre og inn i naturen og vandringa. Dei to karane treffer på ei (anna) seterjente og blir inviterte inn i selet, her finn Reidar ei flaske på ei hylle som han tar med seg. Når han drikk av denne i smug på turen vidare, får han syner om kvar denne Kirsten kan ha tatt vegen. Flaska blir heller aldri tom, så det var flaska si.
Tittelen Vardane peiker på leiemotivet: Gjennom vardar dei passerer undervegs, følgjer dei spor etter Kirsten, og dei ser ein veg ned att til bygda og eit mogleg ly i fjellet, som etter kvart begynner å bli ugjestmildt. Ramma er reint gotisk: Vinden skifter urovekkande retning, tåka heng snart ned langs fjellsidene, kulda bit, og før forteljinga er over, skal vi òg ut i eit disig myrlandskap.
Gåtefullt og poetisk
Det er uhyggeleg og vakkert. Det er grufullt og hjarteskjerande, men det siste avstår eg frå å seie noko om. Det er trass i alt ei slags krimgåte i botnen. Det er gåtefullt – men dermed blir òg Martin Baldysz’ forteljing eit lite stykke poetisk tekst med stor overføringsverdi.
Denne romanen seier ikkje berre noko om ein gamle dagars prest, ein sauebonde og ei hulderaktig kvinne. Heile vegen, mellom «handlinga», som går ut på at dei forflyttar seg i fjellet i jakta på eit svar, eller på å møte eit spørsmål, ligg det rom i teksten for å løfte tanken opp. Høgfjellet blir for eksempel eksistensielt sett eit bilde på eit farlegare nivå, men det er òg her ein får dei største innsiktene: «Det var her oppe vinden tok. Det var her oppe det vakte i vatn og det vakna i han, her oppe der gauken ropte med eit alvor og ikkje som overtruiske teikn nede i bygda.»
Det er Reidar som snakkar her, ikkje presten, som alt trur han er nærmare Gud, gjennom sitt embete.
Det er nok Reidar som har størst potensial for å strekke seg. Og lesaren.
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.