JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Paringsleik

Underfundig ungarsk Gullbjørnen-vinnar er var, rar og romantisk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Økonoisjefen Endre (Morcsányi) og kvalitetskontrolløren Mária (Borbély) møter kvarandre på slakteriet.

Foto: Arthaus

2420
20171020
2420
20171020

DRAMA

Regi: Ildikó Enyedi

Om kropp og sjel (orig.tittel: Teströl és lélekröl)

Med: Géza Morcsányi, Alexandra Borbély, Zoltán Schneider

Endre (Morcsányi) er økonomisjef ved eit slakteri i Ungarn. Mária (Borbély) har nyss komme som kvalitetskontrollør frå styresmaktene. Ho er høgst pertentleg. Difor er ho eit irritasjonsmoment for dei tilsette, men Endres blikk på henne vekslar mellom skepsis og dragning. Når nokon har stole paringspulver og helt det i drinkar på ein fest med heftig resultat, må alle som ein til intervju med ein psykolog for å avsløre kven som har synda. Det avdekker lekker mellom Endre og Mária.

Dyreriket

Vi får servert kontrastar mellom hjortar i skjønt samspel i skogen og kyr i bås som blir slakta i stor detalj. Parallellane speglar seg i flokken av menneske òg. Symbolikken om folks åtferd sett opp mot dyr har eit snev av The Lobster av Yorgos Lanthimos og The Square av Ruben Östlund, utan å trekke det like langt eller sikte like klart mot lått. Den ungarske filmskaparen Ildikó Enyedi siktar som sine kollegar inn på sosial samhandling. Kven er alfahann, klovn, kronhjort og kolle?

Sosialt spel

Mária har eit minne som minner om Rain Man, og treng tillært kommunikasjon. Endre er eldre og har ein lam arm. Slik har båe skavankar i spelet om seksuell merksemd. Det rare paret har tvillaust kjemi, men dei sparar på avslørande andletsuttrykk. Dei gjer solide roller. Dialogane er støtt truverdig keitete. Her er flust i menneskelege feil, men alle ber på ein djup draum om kjærleik.

Innanfor tronge sosiale og profesjonelle rammer samlar draumar om frie hjortar frontfigurane i filmen. Resten av rollelista gjer tydeleg tankar om kvar sin plass i hierarkiet. Dama som vaskar golvet, er ei morosam og rå realitetsorientert røyst. Det dryp av korrupsjon og kritikkverdig kvinnesyn, men filmen kjennest ikkje politisk. Om kropp og sjel er mest ein romantisk komedie. Forteljinga har større dosar mørke enn humor, men underfundige detaljar krydrar. Regissør Enyedi har vendt sigrande tilbake med å vinne Gullbjørnen på Berlinalen etter atten år med stille sidan Simon Mágus i 1999. Det er vel unnt. Om kropp og sjel er ein god og snodig film.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Kven er alfahann, klovn, kronhjort og kolle?

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis