Linn Ullmann blir festivaldiktar i Alstahaug
Foto: Agnete Brun
Petter Dass-dagane
Petter Dass-dagane har vore ein av dei mest sentrale kulturfestivalane i landet sidan 1983. 21. til 24. juni 2018 går dagane igjen av stabelen i Alstahaug. Motto for festivalen neste år er «Du skal holde hviledagen hellig». Festivalforfattar er Linn Ullmann, medan festivalkunstnar er Hugo Aasjord. Andre som blir å sjå på festen, er Liv Frøydis Berg og Morten Strøksnes. Det blir utandørs familiekonsert med Christine Sandtorv.
Vinje-senteret i kjømda
Neste år tek bygginga av eit Vinje-senter til i Vinje i Telemark. Vedtak om løyving av 24 millionar til bygging kom denne veka i kommunestyret i Vinje, melder Nynorsk kultursentrum. Kommunen vil halde fram med å skaffe midlar frå Kulturdepartementet og andre. Vinje-senteret har namnet sitt etter Aasmund Olavsson Vinje og blir eit senter for dikting og journalistikk.
Dei beste dikt- samlingane i år
Bok365.no har laga ei tilråding over dei beste diktbøkene i år. Dei er Tida er inne av Knut Ødegård, Vandreutstillinger av Cecilie Løveid, Barsel av Kristin Storrusten, Dette skjer ikke av Ida Lórien Ringdal og Jordsjukantologien av Stein Torleif Bjella. Dei to fyrstnemnde bøkene var elles mellom dei nominerte i kategorien lyrikk hjå Brageprisen. Du kan lese eit intervju med Løveid i avisa du no held i hendene.
ronny@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Petter Dass-dagane
Petter Dass-dagane har vore ein av dei mest sentrale kulturfestivalane i landet sidan 1983. 21. til 24. juni 2018 går dagane igjen av stabelen i Alstahaug. Motto for festivalen neste år er «Du skal holde hviledagen hellig». Festivalforfattar er Linn Ullmann, medan festivalkunstnar er Hugo Aasjord. Andre som blir å sjå på festen, er Liv Frøydis Berg og Morten Strøksnes. Det blir utandørs familiekonsert med Christine Sandtorv.
Vinje-senteret i kjømda
Neste år tek bygginga av eit Vinje-senter til i Vinje i Telemark. Vedtak om løyving av 24 millionar til bygging kom denne veka i kommunestyret i Vinje, melder Nynorsk kultursentrum. Kommunen vil halde fram med å skaffe midlar frå Kulturdepartementet og andre. Vinje-senteret har namnet sitt etter Aasmund Olavsson Vinje og blir eit senter for dikting og journalistikk.
Dei beste dikt- samlingane i år
Bok365.no har laga ei tilråding over dei beste diktbøkene i år. Dei er Tida er inne av Knut Ødegård, Vandreutstillinger av Cecilie Løveid, Barsel av Kristin Storrusten, Dette skjer ikke av Ida Lórien Ringdal og Jordsjukantologien av Stein Torleif Bjella. Dei to fyrstnemnde bøkene var elles mellom dei nominerte i kategorien lyrikk hjå Brageprisen. Du kan lese eit intervju med Løveid i avisa du no held i hendene.
ronny@dagogtid.no
Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.