Pratesjuke ponniar
My Little Pony Filmen er ein masete middelhavsfarar.
Den vesle ponnien lir av flink- ponni-syndromet.
Foto: Norsk Film Distribusjon / LIonsgate
ANIMASJON/MUSIKAL/FANTASY
Regi: Jayson Thiessen
My Little Pony Filmen
Med: Lise Mæland, Jannike Kruse
Prinsesseponni og mattenerd Twilight skal stelle til ein storslagen vennefest når Stormkongen kjem for å spreie styggeskap i Ponnyville. Han er så vond og dum at somme ser parallellar til presidenten i USA. Twilight og gjengen slepp unna invasjonen og freistar finne hjelp til å fjerne tyrannen.
Born av regnbogen
Leiarponnien lir av flink-ponni-syndromet og kjenner prestasjonspresset. Flokken på sju er stort sett stereotype ponniar med eitt triks kvar, frå primadonnaponni via gardstaus til ein androgyn regnbogeponni. Frøknene møter framande farar, men sjølv ein løgnaktig latinokatt kan bli til lur, reddande riddarrev. Denne figuren er eit slapt innfall. Når spenninga stig, skin moralen klart: Ein skal lita på venner og få med alle for å unngå utskot. Løysinga er som regel å snakke saman.
Rammeran
Ser ein glaset som halvfullt, er My Little Pony Filmen rik på referansar, men det kjennest mest som om soga stel skamlaust frå Ringenes herre, Star Wars og Løvenes konge. Det som strekker soga ut til lang langfilm, er sekvensar frå store salssuksessar. Litt gresk mytologi må med, inkludert ei trojansk kake. Forteljinga er ikkje fri for vittige detaljar. Estetisk er filmen ei enkel overføring frå fjernsynsseriens univers. Platt popmusikk dominerer lydsporet når ponniane ikkje plaprar. Det er mykje mas, men for målgruppa held det gjerne til midt på treet. Sensurmakta har rett i å skjerme dei minste frå spenningsscener. For foreldra freistar nok fjernkontrollen.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.