Rock og rull
Barnefilmekspert Christian Lo har laga ein ujamn roadmovie med rock.
Gruppa Los Bando legg ut på tur til NM i rock i Tromsø.
Foto: Bjørn Ståle Brattberg / Filmbin / KontxtFilm
Komedie
Regi: Christian Lo
Los Bando
Med: Tage Hogness, Jonas Hoff Oftebro
Grim (Hogness) og Aksel har rockebandet Los Bando Immortale. For å vinna gunsten til pene Linda i klassen vil Aksel at dei skal reise frå Hedmark til Tromsø for NM i rock. Då treng dei ein eldre gut bak rattet. Rallytalentet Martin (Oftebro) gjer kva som helst for å rømme frå den strenge faren på verkstaden. Niåringen Thilda spelar aggressivt nok på celloen til at ho blir med som bassist.
Generasjonsgløtt
Christian Lo er ein kjend leverandør av film for den yngre garden, og han vann publikumsprisen på Barnefilmfestivalen i Kristiansand med De tøffeste gutta i 2013. Med Los Bando har han fått plass i Generation-seksjonen på Berlinalen igjen, som med Bestevenner i 2010. Vennskap og eigne val er ein tematisk kime hjå Lo. No siktar han på litt eldre born. Premissen er tradisjonell. Den fysiske reisa rullar hand i hand med reisa mot eigne draumar. I kontrast til dei kranglevorne foreldra sine er Grim konfliktsky. Historia handlar om å våge å velje sin eigen veg og fri seg frå forventingane foreldra har. Vegen frå tidlaus til traust er som kjent kort. Stundom slår gamle synder ut nye takter.
Dei musikalske innslaga vitnar om at filmen handlar like mykje om vaksne som vil at avkommet skal nå draumane dei sjølv hadde. Songar frå mine eigne studiedagar, av Turbonegro, Hellacopters, Gluecifer og Bigbang, kjem på rad og rekkje. Generasjonen min er under lupa ilag med borna.
Ulikt nivå
Grim er ein god gut ein kan følgje, men den friskaste figuren er Thilda, storarta spelt av tiåringen Tiril Marie Høistad Berger. Hugs namnet! Ho og Tage Hogness i hovudrolla kommuniserer med smarte blikk. Dei to talenta ber filmen med Jonas Hoff Oftebro, som viser at han ikkje berre har ættetavla på plass. Faren Nils Ole er ein av mange profilar på rollelista i lag med Ingar Helge Gimle og Stig Henrik Hoff. Diverre er fleire figurar trøyttande eller teite. Manus kunne trenge ei oppfrisking. Frank Kjosås må spele ei idiotisk rolle som frelst bror. Dei komiske trekka til Aksel er overdrivne, i likskap med den masete morsrolla Ine F. Jansen må stå for. Slike slitsame element skuggar for ein heilskap som òg omfattar sjarm og kvalitet. Christian Lo kunne rokka meir ved vanlege vilkår for oppvekstfilm.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Dyrlegen kjem
Joachim Cooder er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet, Ry Cooder.
Foto: Amanda Charchian
Motellet til drøymaren
Joachim Cooder opnar dørene til sju musikalske rom.
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»