JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Skandalar, overgrep, fyll, utruskap, traumatiske barndomsopplevingar og alskens elende er ofte faste element i den såkalla «røyndomslitteraturen».

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Torbjørn Grønning / Dagbladet / All Over Press

3549
20170630
3549
20170630

Memoarroman

Richard Ford:

Mellom dem

Omsett av Christian Rugstad
Oktober

Eit strålande døme er Richard Fords nye memoarverk Mellom dem. Fyrste del, «Borte. Minner om far», er nyskriven nærmare 60 år etter at faren døydde, medan den andre delen, «Min mor til minne», er skriven rett etter at mora gjekk bort, i 1981.

I Mellom dem reiser Ford eit monument over foreldra sine, eit monument over to heilt vanlege menneske som rett og slett elskar kvarandre, som elskar sonen sin. Mellom dei rår kjærleiken, og sonen på si side er glad i både mor og far og saknar dei djupt; eit drag av melankoli kjem fram i han kvar gong han tenkjer på dei. Og det gjer han ofte, og desto meir som han sjølv eldest.

Portretta av foreldra er rett og slett rørande, utan kliss og sentimentalitet. Men likevel snik det seg ei uro inn hos lesaren. Ho er ikkje knytt til forholdet i den vesle familien, men er skriven fram av sjølve komposisjonen. I 2016 hugsar skrivaren annleis enn i 1981. Dei same hendingane og personrelasjonane ser annleis ut etter nok snaue 40 år med levd liv. Lesaren bit seg merke i slikt og spør seg: Kan vi feste lit til eigne minne? Er det sant det vi (trur vi) hugsar? Hugsar vi noko når vi er 60 år gamle som vi hadde gløymt den gongen vi var 40 og vice versa?

Småbyliv i kjernefamilie

Edna og Parker Ford giftar seg i 1927. Parker slår seg fram og opp som handelsreisande i sørstatane under depresjonen, og Edna følgjer med på alle reisene hans. Dei er alltid saman, dei er utan fast bustad og anten tenkjer dei ikkje på å få barn, eller så har dei gjeve det opp.

Men så, etter 16 års lukkeleg samliv, blir Edna gravid, og Richard blir fødd; han kjem «mellom dei». Faren held fram som handelsreisande, Edna blir vanleg husmor og etter kvart får dei råd til å kjøpe seg eit forstadshus. Richard får ein heilt vanleg oppvekst, i ein heilt vanleg (men uvanleg kjærleiksfylt?) heim. Når Richard opplever faren som «borte», og berre har «minner om» han, skulle ein tru at han har eit fjernt forhold til faren. Som mange andre fedrar er faren fjern, han er heime frå fredag kveld til måndag morgon, og syner i grunnen ikkje stor interesse for korkje sonen eller det som har skjedd med dei heime i vekedagane.

Forteljekunst

Like fullt er den fråverande faren på forunderleg vis høgst nærverande i gutens oppvekst, like nærverande som mora som heile tida er til stades i heimen og ventar seg gjennom veka til mannen skal kome heim fredag kveld. Morsportrettet på si side er kjærleiksfullt og skildrar direkte, ofte med detaljrealisme, livet mora måtte skape seg då mannen døydde i altfor ung alder. Særleg gripande er skildringa av dei siste leveåra hennar, da ho og sonen lever på kvar sin kant av eit stort kontinent. «Distance kills», heiter det om kjærleiksforhold mellom to unge. Slik er det ikkje mellom mor og son, og sonen er fylt av skuldkjensle for ikkje å ha stilt opp i tilstrekkeleg grad då mora vart sjuk og døydde.

Som romanforfattar og novellist er Richard Ford blant dei heilt sentrale amerikanske forfattarane. Også som «røyndomsdiktar» driv han med finstemt forteljarkunst, i ei neddempa og enkel framstillingsform.

Ole Karlsen

Ole Karlsen er professor i nordisk litteraturvitskap ved Høgskolen i Hedmark og fast bokmeldar
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Eit monument over to heilt vanlege menneske som rett og slett elskar kvarandre, som elskar sonen sin.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Magnus Lysberg (t.v.) og Harald Stolt Nielsen har arbeidd som krimjournalistar i Aftenposten i fleire år.

Foto: Astrid Waller

BokMeldingar

Ei vill mafiahistorie frå Noreg

Harald Stolt-Nielsen og Magnus Lysberg har skrive ei veldokumentert norsk-marokkansk mafiahistorie.

EinarHaakaas

Juliette (Izïa Higelin) dreg til heimbyen for å besøke familien. Det viser seg at faren ikkje klarer å uttrykkje kjenslene sine, mora har blitt meir eksentrisk enn nokon gong, systera er i ei midtlivskrise, og bestemora har hamna på aldersheim.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Vår Juliette har overraskande tyngde til å vera pakka inn så lett

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis