Ursula K. Le Guin er avliden.
Foto: Wikimedia Commons
Science-fiction-forfattar avliden
Ursula K. Le Guin er avliden, 88 år gamal. Ho er ein av dei mest kjende Science-fiction-forfattarane i verda, kjend for bokserien om fantasi-universet Ekumen og Jordsjø (Earthsea på engelsk). Ho fungerte som førebilete for mange forfattarkollegaer. Stephen King kallar henne eit «litterært ikon», medan Neil Gaiman skreiv på twitter at «orda hennar vil alltid vera hjå oss».
havboka nominert
Havboka til Morten A. Strøksnes har gjort suksess i land over heile verda. No er boka kortlista til The Edward Stanford Travel Writing Awards i Storbritannia. Boka kjempar med fem andre om tittelen «Wanderlust Adventure Travel Book of the Year». Vinnaren blir offentleggjort 1. februar. Prisen er den fine summen av fem tusen pund (om lag femti tusen kroner). Strøksnes har i Noreg innkasserte både Brageprisen og Kritikerprisen.
197 minutt film om eit bibliotek
«Herleg, ekspansiv og fullstendig oppslukande», skreiv New York Times om den 88 år gamle regissøren Frederick Wisemans nye film Ex Libris: New York Public Library. Den amerikanske avisa meiner filmen er den nest beste filmen i fjor, etter Christopher Nolans Dunkirk.
Filmen er ein 3 timar og 17 minutt lang dokumentar om New Yorks offentlege bibliotek, og besøkjer hovudfilialen på 5th Avenue, i tillegg til 11 andre av dei totalt 92 filialane i byen.
Filmskaparen er fluge på veggen, og viser fram styremøte og arrangement på biblioteket. Wiseman har fått skryt for den spesielle forteljarteknikken og korleis han viser rolla biblioteket spelar i lokalsamfunnet. I tida framover vil filmen bli vist på alle cinemateka i Noreg.
ronny@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Science-fiction-forfattar avliden
Ursula K. Le Guin er avliden, 88 år gamal. Ho er ein av dei mest kjende Science-fiction-forfattarane i verda, kjend for bokserien om fantasi-universet Ekumen og Jordsjø (Earthsea på engelsk). Ho fungerte som førebilete for mange forfattarkollegaer. Stephen King kallar henne eit «litterært ikon», medan Neil Gaiman skreiv på twitter at «orda hennar vil alltid vera hjå oss».
havboka nominert
Havboka til Morten A. Strøksnes har gjort suksess i land over heile verda. No er boka kortlista til The Edward Stanford Travel Writing Awards i Storbritannia. Boka kjempar med fem andre om tittelen «Wanderlust Adventure Travel Book of the Year». Vinnaren blir offentleggjort 1. februar. Prisen er den fine summen av fem tusen pund (om lag femti tusen kroner). Strøksnes har i Noreg innkasserte både Brageprisen og Kritikerprisen.
197 minutt film om eit bibliotek
«Herleg, ekspansiv og fullstendig oppslukande», skreiv New York Times om den 88 år gamle regissøren Frederick Wisemans nye film Ex Libris: New York Public Library. Den amerikanske avisa meiner filmen er den nest beste filmen i fjor, etter Christopher Nolans Dunkirk.
Filmen er ein 3 timar og 17 minutt lang dokumentar om New Yorks offentlege bibliotek, og besøkjer hovudfilialen på 5th Avenue, i tillegg til 11 andre av dei totalt 92 filialane i byen.
Filmskaparen er fluge på veggen, og viser fram styremøte og arrangement på biblioteket. Wiseman har fått skryt for den spesielle forteljarteknikken og korleis han viser rolla biblioteket spelar i lokalsamfunnet. I tida framover vil filmen bli vist på alle cinemateka i Noreg.
ronny@dagogtid.no
Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.