Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Sivilisert sivilisasjonskritikk

Debra Granik fer ut i det fri med ope sinn, stødig stil og nerve.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Far (Ben Foster) og dotter (Thomasin McKenzie) skjuler seg i skogen, men må av og til inn til byen.

Foto: Scott Green

2584
20180914
2584
20180914

Drama

Regi: Debra Granik

Leave No Trace

Med: Thomasin McKenzie, Ben Foster, Dale Dickey

Trettenåringen Tom (McKenzie) bur i eit offentleg skogsområde utanfor Portland i lag med faren Will (Foster). Will er ein tidlegare soldat som lid av posttraumatisk stress, og som har lært dottera å ta vare på seg sjølv med minst mulig utan å bli oppdaga. Dei tar turar til byen utan å vise spor av det uvanlege utkanttilværet. Der får han piller av staten som han sel for å få pengar til naudsynt næring. Ein dag blir dei oppdaga, og alt blir snudd på hovudet.

Sosial kontrakt

Staten vil sikre ei straumlineforma sosialisering. Det byd på problem. Styresmaktene er ikkje monstrøse, men systemet passar ikkje folk som er annleis. Automatiserte testar for sosiale evner verkar ikkje som ein særskild god idé. Dei to skular skeptisk på industri og maskiner. Viljen menneska har til å kontrollere og forme naturen, ligg klamt om fridomstrongen til den vesle kjernefamilien. Kapitalen sit i same båt som dei statlege velferdsordningane. Regissør Debra Granik unngår likevel skrikande skremmebilete.

Sjølv om storsamfunnet kan vera skummelt, kan det òg vera forlokkande for ei ung frøken som har skrint med sosiale erfaringar. På veg mot vaksenlivet er det Tom som må finne seg sjølv. Det er henne dette handlar om. Ho er ein fasinerande figur i balanse mellom skarpt vit og naivitet, nyfikne og frykt, og det å vere sterk og sårbar.

Naturlig form

Thomasin McKenzie er ein erfaren attenåring som spelar supert som sart jente på tretten. Ben Foster meistrar fint ein kompleks farsfigur som slit med å skulle ta del i større fellesskap. På mange måtar er Leave No Trace ein dystrare og meir stillfaren vri på Captain Fantastic, eventuelt som om Rambo var ein fredsæl kar med ei dotter. Granik skapte spenning med Winter’s Bone, og gjer det igjen med hell, sjølv om dette eksistensielle dramaet ikkje leflar med krim.

Kornete biletkvalitet og kaldt ljos kler den rå naturen. Trass i grådig fine grønfargar er det klart at det ikkje berre er fryd og gammen å bu under ein plastduk. Dei lever under strie kår. Forma passar innhaldet. Leave No Trace er eit godt drama med stram regi som lèt deg tenkje. Debra Granik er blant dei beste filmskaparane i sjiktet mellom storfilmar og smalare, uavhengige produksjonar.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Leave No Trace er eit godt drama med stram regi som lèt deg tenkje.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis