Anne Frank døydde det året ho skulle ha fylt 16 år.
Foto: NTB scanpix
SKAL GRANSKA ANNE FRANK
Var det tilfeldig at nazistane fann Anne Frank, eller tipsa nokon nazistane om gøymestaden til familien, slik at dei enda i konsentrasjonsleiren og mista livet i 1944?
No skal ei gruppe med 19 etterforskarar, historikarar og kriminalteknikarar gå gjennom gamle forhøyrsrapportar og laga psykologiske profilar over mistenkte, skriv Politiken. Publikum skal kunna følgja prosessen via nettet, med film og oppdateringar frå Anne Franks Hus i Amsterdam, der dei har opna arkiva for gruppa.
BOK om NORSKE ØYDEGARDAR
Fråflytta stader kan ha ei eiga tiltrekkingskraft. Dei kan vitna om noko dramatisk, eller om nokon som har pakka saman og reist sin veg. I ei ny bok har Øystein Morten oppsøkt gardar folk har reist frå over heile landet. Nokre av dei er heilt overgrodde og nesten borte. Andre står om lag slik dei stod då folk flytta frå dei. I boka Norske ødegårder byr Øystein Morten og fotograf Pål Hermansen på glimt frå ei både nær og fjern fortid – både frå ballsalane på den store embetsgarden i Østfold og den vesle husklynga oppunder fjellet i Sogn.
Klassikar seld TIL 51 LAND
Per Pettersons litterære klassikar Ut og stjæle hester vart nyleg seld til det vietnamesiske forlaget Nha Nam. Dermed er boka selt til så mange som 51 land.
Det er også planar om at romanen skal verta film. Hans Petter Moland er regissør, og hovudrollene vert spelte av Stellan Skarsgård og Bjørn Floberg.
ottar@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
SKAL GRANSKA ANNE FRANK
Var det tilfeldig at nazistane fann Anne Frank, eller tipsa nokon nazistane om gøymestaden til familien, slik at dei enda i konsentrasjonsleiren og mista livet i 1944?
No skal ei gruppe med 19 etterforskarar, historikarar og kriminalteknikarar gå gjennom gamle forhøyrsrapportar og laga psykologiske profilar over mistenkte, skriv Politiken. Publikum skal kunna følgja prosessen via nettet, med film og oppdateringar frå Anne Franks Hus i Amsterdam, der dei har opna arkiva for gruppa.
BOK om NORSKE ØYDEGARDAR
Fråflytta stader kan ha ei eiga tiltrekkingskraft. Dei kan vitna om noko dramatisk, eller om nokon som har pakka saman og reist sin veg. I ei ny bok har Øystein Morten oppsøkt gardar folk har reist frå over heile landet. Nokre av dei er heilt overgrodde og nesten borte. Andre står om lag slik dei stod då folk flytta frå dei. I boka Norske ødegårder byr Øystein Morten og fotograf Pål Hermansen på glimt frå ei både nær og fjern fortid – både frå ballsalane på den store embetsgarden i Østfold og den vesle husklynga oppunder fjellet i Sogn.
Klassikar seld TIL 51 LAND
Per Pettersons litterære klassikar Ut og stjæle hester vart nyleg seld til det vietnamesiske forlaget Nha Nam. Dermed er boka selt til så mange som 51 land.
Det er også planar om at romanen skal verta film. Hans Petter Moland er regissør, og hovudrollene vert spelte av Stellan Skarsgård og Bjørn Floberg.
ottar@dagogtid.no
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.