JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Sterk debut om ME

Silje Bergum Kinstens debutroman er både luftig og mektig.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Silje Bergum Kinsten skriv sterkt om det å ikkje vere seg sjølv, skriv Katrine Judit Urke.

Foto: Heidi Furre

2799
20180622
2799
20180622

Roman

Silje Bergum Kinsten:

Jeg vet ikke helt hva det er

Flamme forlag

I periodar når eg er trøytt og sliten, blir eg ofte stressa: Tenk om eg aldri blir meg sjølv igjen! Tenk om det ikkje går over!

Somme er så uheldige at det aldri går over.

Debutant Silje Bergum Kinsten skriv sterkt om akkurat dette med å vere eller ikkje vere seg sjølv. På ei eiga side står desse to små, men kraftfulle setningane: «Jeg savner meg selv. Tenk at det går an.» Hovudpersonen i romanen er utmatta, svimmel og kvalm, og vi følger henne frå symptom til symptom gjennom spesialisttimar fram til ho får diagnosen ME.

Boka startar med eit sitat av Virginia Woolf som etterlyser fleire bøker om sjukdom. Men i norsk litteratur har vi den siste tida fått opp til fleire skjønnlitterære bøker om kroniske lidingar. Vi har Kjersti Annesdatter Skomsvolds Monstermenneske som òg handlar om ME, og så har vi Olaug Nilssens Tung tids tale om autisme, Siri M. Kvammes Verden leker gjemsel om synstap og seinast debutanten Ragnhild Eskelands Føling om diabetes, for å nemne nokre.

Frå alt til ingenting

Alle desse «sjukdomsforfattarane» har valt nokså ulike metodar for å skrive ut stoffet. Kinsten startar med ei forkava og fortetta skildring av livet til hovudpersonen som sjonglerer mellom ein travel jobb, mann og tre barn, veninner og trening. Det er skremmande lett å kjenne igjen: Telefonen sluttar aldri å ringe, e-post renn inn og du har endåtil gløymt å lage matpakkar til barna dine. Svært velskrive og sanseleg er det òg. Så er det som om det smell, og hovudpersonen vaknar til eit nytt liv som inneheld ingenting, og dette blir spegla i forma: Vi går frå tettskrivne sider til mykje luft og lite handling.

Å tape mot seg sjølv

Legane brukar lang tid på å finne ut av sjukdomen, og hovudpersonen er forvirra: «Jeg vet ikke helt hva det er.» Det er fortvilande å miste kontroll over seg sjølv på denne måten, det er som om heile ho, kropp og sinn og personlegdom, har tapt: «Øynene mine er fulle av melkesyre».

Etter kvart supplerer hovudpersonen eigne erfaringar med forsking. Det er nyttig med oppklarande fakta, og det er fint å bryte litt med forma, men det kunne ha vore noko meir elegant tvinna inn. For meg kjem dette litt brått på, av og til er det som om kvinna forsvinn ut av romanen og inn i internett.

Men dette er den einaste innvendinga mi. Første del av Jeg vet ikke helt hva det er inneheld formidabel prosa, og det er òg mange flotte formuleringar i dei luftige, utmatta partia. Det er solid og effektivt arbeid av ein debutant eg gler meg til å lese meir av.

Katrine Judit Urke

Katrine Judit Urke er bibliotekar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Første del av Jeg vet ikke helt hva det er inneheld formidabel prosa.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis