Teater
Sterk, men ujamn «historietime»
Arven 1 er ei brutal påminning om kva dei skeive har vore utsette for.
Jacob Jensen, Karl-Vidar Lende, Ulrik William Græsli, Gorm Grømer, Yusuf Toosh Ibra, Eirik Langås Jørgensen og Hermann Sabado i forteljinga om kjærleik, sakn, liv og død.
Foto: Erika Hebbert
«Vår tids homoepos» blir Arven kalla. Etter
berre å ha sett første del torer eg påstå at det har ikkje dette stykket
dekning for. Framsyninga er god og velspelt, men det er ei overklasse-/middelklasseutgåve
av historia, der dei unge karakterane vi stort sett møter, i hovudsak høyrer til
ein krins av intellektuelle og kulturelle personar, alle rett nok ikkje like
vellukka eller velståande. Men med tanke på kva som dagleg skjer med
utgangspunkt i Det kvite huset i Washington, er stykket uansett skremmande
aktuelt.
Og stykket er sterkt, framsyninga likeså. At all
tradisjonell scenografi er borte og handlinga plassert på og framfor ei
skråstilt dreiescene, gjer at all merksemd blir styrt mot det (vesle) som skjer
og det som blir sagt. Då blir det òg tydeleg at meir tekst kunne vore stroke, og
at ikkje alle replikkar og alt som blir sagt, er like djupt. For det er ikkje før
etter første pause at framsyninga verkeleg lyftar seg.
Men mykje er godt, svært godt, og skildrar ein serie
lagnader som fint får fram det forferdelege ved skeiv historie – fordommane,
tabua, stigmaet og fråværet av rettferd, hiv-epidemien og frykta og avvising han utløyste, einsemda og isolasjonen. Litt problematisk er det likevel at ein
heil del av dette berre kjem fram gjennom referat og påstandar, ikkje i form av
spel. Mykje er forteljeteater.
Samstundes har historia også ei positiv side gjennom kjærleik
(men òg sjalusi og brot), seksualitet, samhald og solidaritet, som på ein heilt
annan måte finn ulike direkte uttrykk og skapar ein nærleik vi som publikum
ikkje røyner på same vis i den negative sida av forteljinga.
I stor grad er dette ei kollektiv mønstring, eit
gjennomarbeidd ensemblespel, der noko av det individuelle likevel kjem til
syne. Men gjennom det ikkje heilt ukompliserte kjærleiksforholdet mellom dramatikaren
Toby Darling (Olav Waastad) og kjærasten Eric Glass (Vetle Bergan) får dramaet
òg ein raud tråd og ei tydeleggjering av tematikken.
Eit utgangspunkt for historia er den over hundre år
gamle samfunnskritiske romanen Howards End av den engelske forfattaren E.M.
Forster, som sjølv var homofil, men aldri «stod fram». På elegant vis blir han –
i Geir Kvarmes skikkelse – gjord levande på scena og kan slik tene som bindeledd
mellom fortid og notid og som ein klok «guide» for ein ny generasjon.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.