Musikk
Suggererande samspel
Eit lite plateselskap gjev ut indisk musikk av beste kvalitet.
Sudeshna Bhattacharya kjem frå ein indisk musikarfamilie, men har budd i Oslo sidan 2013.
Pressefoto
Det norske plateselskapet Motvind har sidan starten i 2018 gjeve ut rundt 30 plater med hovudvekt på folkemusikk og samtidsmusikk, ofte av det improviserte slaget – til dømes Naaljos Ljom, Maja Ratkje og Hans Kjorstad (som dessutan er produsent for denne plata). At nett dette plateselskapet finn på å gje ut ei slik plate, er difor ikkje overraskande, men desto meir gledeleg. Det er utgjeve svært mange plater med slik musikk både i India og andre stader i verda, men så vidt eg kan sjå, er dette første gongen det skjer i Noreg.
Sudeshna Bhattacharya kjem frå ein indisk musikarfamilie, men flytta i 2003 til Frankrike, der ho budde til ho i 2013 flytta til Oslo. Der har ho mellom anna undervist ved Noregs musikkhøgskule. Hovudinstrumentet hennar er sarod, som er eit luttliknande strengeinstrument med heile 15 resonansstrenger, som vert spelte på med eit plekter. Men ho spelar også tanpura, eit langhalsa instrument med fire strenger. Heile plata er samspel med Mosin Khan Kawa. Han er ein meister på handtrommene tabla.
Klassisk indisk musikk er svært kompleks både når det gjeld rytme og tonalitet, og det finst omfattande teoretiske system rundt musikken. Men likevel treng ein ikkje vita noko som helst av dette for å ha utbytte av musikken. Me får høyra tre lange stykke (mellom 8 og 20 minutt) der musikken utviklar seg gradvis og langsamt og endar ganske ekstatisk. Samstundes som det kling dronete (eller grunntoneprega), er det ei mengd rytmiske og tonale detaljar som pirrar merksemda. Samspelet er dessutan uvanleg tett og presist.
Plata er tatt opp av Per Christian Berg og mastra av Christian Obermeyer. Det er eit klårt og nøkternt lydbilete som kjennest luftig, og detaljrikdomen får god plass.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.