Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Melania Trump pyntar til jul.

Melania Trump pyntar til jul.

Foto: NTB/Jonathan Ernst

Melania Trump pyntar til jul.

Melania Trump pyntar til jul.

Foto: NTB/Jonathan Ernst

1777
20171208
1777
20171208

Svarteper for sinterklaas

Debatten om Sinterklaas og den svarte hjelparen hans, Zwarte Piet (Svarteper), held fram i Nederland. Der sminkar kvite seg svarte for å likne Svarteper. «Rasisme eller ikkje?» er kjernespørsmålet i debatten som råkar heile landet. No kjem den mest populære boka om Sinterklaas – biletboka Sinterklaas av illustratør Charlotte Dematons – ikkje ut meir. Det er tale om ein av dei største boksuksessane i Nederland. Om lag 150 millionar eksemplar har vorte selde gjennom åra. Men Dematons seier nei til nye opplag. Ho vil ikkje lenger bli stilt ansvarleg for rasisme. Kva ho sjølv meiner om den svartmåla konflikten, vil ho ikkje uttala seg om.

Trump og bøkene

Førstedame Melania Trump er god til å pynte, det har kome fram i media no i desember. Ho har pynta Det kvite huset med juletre og peparkakehus. Eit av juletrea skil seg ut: eit bokhyllejuletre. Journalistar har spurt om dette er bøker Trump kjem til å lesa. Svaret frå Melanias talsmann, Stephanie Grisham, er: «Nei, bøkene er ikkje kjøpte inn med tanke på tittel eller forfattar, men fargane på omslaget». Dei førre amerikanske presidentane er kjende for boktipsa dei sende ut kvart år. Trump seier sjølv han ikkje har tid til bøker.

Tvedt i strid

Dagbladet melde førre veke Terje Tvedts Det internasjonale gjennombruddet. Meldaren, Aage Borchgrevink, var atskillig meir kritisk enn meldinga som nyleg stod på trykk i denne avisa. «Profeten snubler i sitt eget skjegg», var ein av karakteristikkane til Borchgrevink. Kjetil Rolness reagerte sist helg med ein kronikk på medier24.no. «Når Dagbladet utdefinerer seg selv», er hans kommentar. Marie Simonsen i Dagbladet svarar med at «Kjetil Rolness synes Dagbladet har utspilt sin rolle, men fortsetter å skrive for avisen.»

ronny@dagogtid.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt

Feature

Arvingane til Amundsen

Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.

Hallgeir Opedal

Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Naturplan utan samling

Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.

Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Foto: Universitetet i Bergen

MinneordSamfunn
Svein Gjerdåker

Øyvind Vågnes (1972–2025)

«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»

Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.

Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Den livsviktige satiren

Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.

I fleire år har Odd Nerdrum arbeidd med det store målarstykket «Tre menn i båt». Kunstnar Elisabeth Werp rosar verket, men juryen for Haustutstillinga i år er ikkje imponert.

Foto: Janne Møller-Hansen VG / NTB

KunstKultur

Femti års einsemd

Odd Nerdrum er aktuell med NRK-serien Familien Nerdrum. I 2021 skreiv Kaj Skagen om paradokset Nerdrum. Les dei tre artiklane her.

Kaj Skagen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis