Råd til «den nye makta»
Tore Vagn Lids nye stykke er meditativt og (litt) pretensiøst.
Terje Strømdahl er den einaste skodespelaren som opptrer som skodespelar.
Foto: Magnus SkredeKun
Les også
Publikum vert vitne til eit opprivande familieoppgjer i stykket til Toril Goksøyr og Camilla Martens.
Foto: Kim Hiorthøy
Familiehelvete i fugleperspektiv
Les også
Dansaren Håvard Kalseth og skodespelarem Per-Vidar Anfinnsen står på scena.
Foto: Thor Brødreskift / Festspillene i Bergen
Vakkert visuelt show

Transiteatret-
Bergen i samarbeid med Det Vestnorske Teateret i Logen
Tore Vagn Lid:
Kunsten å lage en felle
Regi, visuelt konsept, manus og musikk: Tore Vagn Lid
Det mest overraskande med Tore Vagn Lid og Transiteatrets nye framsyning er at ho nyttar mange tekniske grep frå den prislønte oppsetjinga 03:08:03 Tilstandar av unntak, om Utøya-massakren. Også her er skodespelarane reduserte til «teaterteknikarar», og igjen er dei i arbeid ved eit langt bord fylt med feller og ulike gjenstandar. Men der minutt for minutt-rapporten om terroristens ferd mot øya i Tyrifjorden gav ein stram struktur til heile framstillinga, saknar Kunsten å lage en felle noko tilsvarande. Då kjem Tore Vagn Lids dramaturgiske veikskap til syne: Han skal ha med så mykje, vil helst lage eit gesamtkunstverk og endar med ei noko sprikjande framsyning, der bodskapar blir hamra inn både to og tre gonger.
Her er teater og video, installasjon, ei form for solo- og triosong (Berit Opheim, Eira Sjaastad, Iver Bogen) korsong (studentkoret Blandete Akademikere), talekor, musisering på m.a. gitar, cello og cembalo, innslag av gjestande musikarar pluss ein snigel som har lånt røysta til Bjørn Sundquist. Musikken, oftast i form av vakker, mellomalderklingande a capella-song, bidreg sterkt til kjensla av ro og meditasjon som kviler over framsyninga.
Lid ønskjer å gi råd til «den nye makta», og råda blir (i fiksjonen) sende til mottakarane med brevdue fordi duer ikkje kan overvakast, ikkje har ambisjonar på eigne vegner og ikkje er fanga inn av algoritmar. Vi får lese opp fem brev retta til ulike, litt uklare maktpersonar eller -institusjonar. Byar som Brussel og Moskva dukkar opp på eit kart, kulturministeren i Oslo får òg ein visitt. Personar frå kulturlivet, nye kvar kveld, framfører desse tekstane.
Den einaste skodespelaren som opptrer som skodespelar, er Terje Strømdahl. Han har til gjengjeld ei svært sentral rolle som den som bind dei ulike delane saman og – ikkje mindre viktig – med sin måte å spele på gir dette multimedieverket den roa som krevst for at det skal stå fram som meditativt. Den oppgåva meistrar han til fulle.
Dei fem råda er korkje revolusjonære eller nye. Dei peikar på ting knytte til klimakrisa, kor mykje som må til for å redde oss – og kor lite vi er innstilte på å ofre; dei syner kor raskt vi venner oss til det sjokkerande og uhøyrde, kor lite rom vi gir refleksjonen, prosessen, dialogen, undersøkinga. Eller kor lett vi, plettfrie som vi jo er, kritiserer dei som går føre og banar veg for oss. Men dei mektige skal vakte seg for ressentimentet, harmen som kan utløyse avmaktas opprør frå folkedjupet.
Etter å ha sett framsyninga to gonger, og fått meir ut av henne andre gong, sit eg att med ei kjensle av at desse bodskapane kunne vore presenterte på mindre kronglete vis. Stundom blir det litt pretensiøst, og det kan umogleg tene føremålet. Også i teateret er ofte det enkle det beste.
Framsyninga blir å sjå i Oslo under Heddadagane.
Jan H. Landro
Jan H. Landro er forfattar, journalist og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen