Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Valdsmaskina

Blod, sveitte og tatoveringar er i fokus i fengselsfilm frå Thailand.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Filmen om Billy More (Cole) er basert på ei sann historie.

Foto frå filmen

1878
20180810
1878
20180810

Action

Regi: Jean-Stéphane Sauvaire

A Prayer Before Dawn

Med: Joe Cole, Pornchanok Mabklang

Billy Moore (Cole) driv med dop og thaiboksing i Bangkok og hamnar i fengsel. Det er ikkje ein gild plass. Når den konstant tikkande bomba Billy gyv laus på første og beste fyr, blir han kasta i eit bur der alle har heile kroppen tatovert. Miljøet er hardt. Billy vil få nytte av nevane sine.

Brutal verd

Engelskmannen kan eitt ord på thai: «yaba», ein type dop. Første språket hans er vald. Det forstår fengselsfuglar verda over. Billy har to typar kapital i eit straffesystem med boksetevlingar: knytnevar og kvit hud. Franske Jean-Stéphane Sauvaire plar skildre valdelege miljø i andre land. Johnny Mad Dog skildra barnesoldatar i Liberia og Carlitos Medellin dokumenterte brutalitet i Colombia. A Prayer Before Dawn liknar Only God Forgives av danske Nicloas Winding Refn, ein annan estetisk heilstøypt tur til Thailands underverd.

Rått og grått

Denne sanne historia er realistisk spelt av ein solid Joe Cole og folk som sjølv har sete inne eller driv med thaiboksing. Slåande produksjonsdesign er kombinert med tett kamera som har fullt fokus på sveitte, tatoverte kroppar. Ljos og gråfargar gjev eit grovkorna uttrykk, og slåstkampane har stil. Tekstinga av thai manglar som regel for å få fram framandgjorde Billy. Sjølv om perspektivet skal få ein til å identifisere seg med han, vekkjer ikkje valdsmaskina stor sympati hjå meg. Sauvaire finn rett nok menneskelege trekk, veikskap og fellesskap i eit forferdeleg system der Billy må finne plassen sin. Likevel verkar filmskaparen mest av alt fengsla av valdsestetikken. Det gjev effektfull action og etiske gråsoner.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis