Ketil Bjørnstad drøymer om å kaste eit vinglas i andletet på kritikar Cathrine Krøger.
Foto: Lise Åserud
Vinglas i fleisen
Ketil Bjørnstad er ein av våre mest kjende romanforfattarar. Han er òg kjend som komponist, men han har ikkje vore favoritt hos norske kritikarar. Det siste har han sett seg lei på, og i den siste romanen sin tek han eit oppgjer med kritikarstanden. I den sjølvbiografiske romanen Åttitallet, som kjem ut i dag, 20. oktober, kallar Ketil Bjørnstad Dagbladets bokmeldar Cathrine Krøger ein mobbar som forfylgjer han. Åtaket på henne går over mange sider i romanen. Han skildrar mellom anna korleis han ville kaste eit vinglas i andletet på henne.
«Jeg er en røff anmelder, og såpass må jeg tåle, men jeg reagerer på at han gjør dette i romans form», er Krøgers kommentar til Dagbladet.
Digital kortroman
Tjue svenske forfattarar har signert ein særeigen kontrakt med Bonnier Bookery. Dei skal skrive digitale historier for det nystarta forlaget som ligg under Bonnier. Historiene skal vera tilpassa «framferda» til lesarar og lydarar i den digitale verda, heiter det i ei pressemelding frå Bonnier. Jonas Bonnier, Malin Persson Giolito og Johan Theorin er tre kjende forfattarar som er klare for oppgåva.
Leikvoll i Russland
Jan Roar Leikvoll døydde så altfor tidleg. Han gjekk bort i 2014, berre 40 år gamal. Men forlagsfolk har ikkje gløymt han. I august 2015 fór Christian Kjelstrup til Bergen, opna bokhandel og selde éi einaste bok: Fiolinane av Leikvoll. I dag er Kjelstrup på plass i Kviterussland, der inntektene frå popupbokhandelen går til utgjeving av ein antologi med norske samtidsforfattarar, mellom anna med forteljingar av Leikvoll. Med seg har han – i tillegg til litteraturen – Ari Behn og Leikvolls syster Christine.
ronny@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.