Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Vittig, enkel spionskøy

Susanna Fogel frå USA feiar gjennom Europa i ein litt vittig actionkomedie.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kate McKinnon som Morgan og Mila Kunis som Audrey i spionfilmen frå Hollywood.

Foto: Hopper Stone

2379
20180817
2379
20180817

ACTIONKOMEDIE

Regi: Susanna Fogel

The Spy Who Dumped Me

Med: Mila Kunis, Kate McKinnon, Sam Heughan

Venninnene Audrey (Kunis) og Morgan (McKinnon) er vanlege kvinner frå Los Angeles. Etter at den traurige typen til Audrey dumpar ho i ei tekstmelding, tek CIA kontakt fordi han var spion. Morgan har samstundes hanka inn ein mystisk ukrainsk barsking. Brått flyr kulene, og dei sjokkerte unge kvinnene må frakte ein pokal til Wien for å berge seg sjølve og ei mengd andre liv.

Flir og fakter

Mila Kunis spelar lett lakonisk med blindsone for alt utanfor bobla California. Det komiske talentet til Kate McKinnon er klart i rolla som Morgan. Ho lirar av seg artige replikkar rett som det er. Typar som helst vil ha tagale tøser, skuldar Morgan for å vere «litt mykje». Mange av vitsane hennar spelar på kjønn, helst med hell.

Elles hersar regissøren Susanna Fogel med dei fleste. Eit høgdepunkt kjem når ein snikskyttar skal avlive to dumme kvinner frå USA og slit med å skilje dei talrike turistduoane frå kvarandre der dei poserer fjollete for sjølviar eller spyr opp fylla frå i går.

The Spy Who Dumped Me er ein stor produksjon. Actionsekvensar med obligatoriske eksplosjonar, slåsting og skyting er solide, sjølv om dei ikkje er like spektakulære som i Mission: Impossible – Fallout. Som Tom Cruise skal Kunis og McKinnon ut på halsbrekkande biljakter i europeiske storbyar, men med meir flaks enn dugleik. Underhaldninga blir større med humoren i førarsetet.

Enkelt Europa

Som i andre Hollywood-filmar er utlandet framandt. Eg sluttar aldri å irritere meg over teite bilete av det tidlegare kommunistiske Europa. Her er den vakre byen Vilnius grå og trist, og strenge turnarar med einsam barndom blir iskalde mordarar med rar aksent. «Wind of Change» av Scorpions er framleis den rette lyden av det lumske, løynde Aust i Sentral-Europa. Slikt kan ein rekne med av folk frå USA som skal runde Europa på ei langhelg. The Spy Who Dumped Me sit sikkert som eit skot i heimlandet. Kresne europeiske blikk har gjerne eit par ankepunkt, men det er nok moro til at ein kan tilrå filmen for dei som vil ha ein lett actionkomedie frå Hollywood.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis