20 spørsmål
Foto: K. m. Chaudary / AP / NTB scanpix
0-4 rette: Alle har ein sørpol. Her er din.
5-9 rette: Det er håp i hengande snøre.
10-14 rette: Om du ikkje er midtpunktet, er du i alle fall midt på.
15-17 rette: Du har lært deg kunststykket å takke nei til det gode og ja til det beste.
18-20 rette: Det er alltid éin plass på toppen. No er han din.

1. Kva partileiar gjekk utkledd som indianar førre helg?
2. Kva skapnad var om bord i raketten Sputnik 2?
3. Kvar er den sjette faren i eventyret «Den sjuande far i huset»?
4. Kva heitte den aller første nynorskavisa i Noreg, og kven dreiv avisa?
5. Kva slags verkty er ein C-nøkkel?
6. Kva vert «tatoveringsblekket» på biletet kalla?
7. Den enklaste og truleg eldste jaktforma går føre seg utan våpen. Jegeren følgjer etter byttet sitt til dyret gjev opp. Kva vert jaktforma kalla?
8. Har vi regnskog i Noreg?
9. Kva slags plante er sjølve bananplanten?
10. Kva heiter gjenstanden kvinna på biletet over nyttar?
11. Korleis startar diktet «Vest-Vågøy» av Inger Hagerup?
12. Kva sport held Vålerenga Trolls på med?
13. Kva heiter hannfisken til rognkjeksen?
14. Han var helgelending, svartebokprest og diktar. Kva heitte han?
15. Ho var apotekar og reiste til Paris for å verte assistent hjå Marie Curie. I 1929 vart ho Noregs andre professor i kjemi. Kva heitte ho?
16. Kva er skilnaden på ein White Russian og ein Black Russian?
17. Kva er Christian Magnus Falsen kjend som i dag?
18. Kva frukt eller bær skal det vere i trollkrem?
19. Mor til Jenny har tre born. Det yngste heiter Juni, og det mellomste heiter Juli. Kva heiter det eldste?
20. Kva heiter filmfiguren på biletet under når han ikkje er Masken?
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
1. Kva partileiar gjekk utkledd som indianar førre helg?
2. Kva skapnad var om bord i raketten Sputnik 2?
3. Kvar er den sjette faren i eventyret «Den sjuande far i huset»?
4. Kva heitte den aller første nynorskavisa i Noreg, og kven dreiv avisa?
5. Kva slags verkty er ein C-nøkkel?
6. Kva vert «tatoveringsblekket» på biletet kalla?
7. Den enklaste og truleg eldste jaktforma går føre seg utan våpen. Jegeren følgjer etter byttet sitt til dyret gjev opp. Kva vert jaktforma kalla?
8. Har vi regnskog i Noreg?
9. Kva slags plante er sjølve bananplanten?
10. Kva heiter gjenstanden kvinna på biletet over nyttar?
11. Korleis startar diktet «Vest-Vågøy» av Inger Hagerup?
12. Kva sport held Vålerenga Trolls på med?
13. Kva heiter hannfisken til rognkjeksen?
14. Han var helgelending, svartebokprest og diktar. Kva heitte han?
15. Ho var apotekar og reiste til Paris for å verte assistent hjå Marie Curie. I 1929 vart ho Noregs andre professor i kjemi. Kva heitte ho?
16. Kva er skilnaden på ein White Russian og ein Black Russian?
17. Kva er Christian Magnus Falsen kjend som i dag?
18. Kva frukt eller bær skal det vere i trollkrem?
19. Mor til Jenny har tre born. Det yngste heiter Juni, og det mellomste heiter Juli. Kva heiter det eldste?
20. Kva heiter filmfiguren på biletet under når han ikkje er Masken?
Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.