JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

QuizMemoarar
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Heiko Junge / NTB

Foto: Heiko Junge / NTB

3475
20211217

0–6 rette: Kva tyder det å stridast om pavens skjegg, tru? Betre lukke neste veke.

7–9 rette: Skjegget var farleg nær postkassa, men det gjekk då godt likevel. 

10–15 rette: Flott innsats! Ingen grunn til å mumle i skjegget om resultatet.

16–20 rette: Applaus, her kan de både le og smile i skjegget!

21 rette: Like mykje gale som quizmeisteren har skjeggvekst. Ta for all del kontakt!

1. I kva for eit tidsrom var Kåre Willoch statsminister? Eg er ute etter to årstal med fem som differanse.

2. Ei av avreguleringane til Willoch-regjeringa var å oppheve NRK-monopolet. Kva står forkortinga NRK for?

3. Willoch var nok den siste norske statsministeren som kunne leve eit tilnærma normalt familieliv. Kona hans deler førenamn med den danske prinsessa som i 1964 vart Hellas’ siste dronning. Kva dobbeltnamn er det?

4. Kva er det som er «blowin’ in the wind», ifylgje Bob Dylan?

5. Ein frisør veit godt kva ei effileringssaks vert nytta til. Kva tyder det å effilere?

6. Kva for eit iaugefallande punkt heiter Kapp Comorin, men kan også verte kalla Kanyakumari, etter byen som ligg der?

7. 2021 er fyrste gong ein nordmann har vorte kåra til World Athlete of the Year av det internasjonale friidrettsforbundet. Kven er vinnaren?

8. På kva dato tenner me det fjerde adventslyset dersom juleftan fell på ein sundag? Dette skjedde sist gong i 2017.

9. Kva for ein av desse er av Inger Hagerup: «Nå tenner vi det første lys», «Så tenner vi et lys i kveld» eller «Tenn lys»?

10. Kva er den vanlegaste kreftforma blant menn i Noreg?

11. Kva farge har sjakkbrettfeltet e1, der den kvite kongen startar?

12. Kva heiter kvinnene i det sørlege Mexico som stammar frå zapotekarane og utgjer eit eige samfunn? Me kjenner dei gjennom kunsten til Frida Kahlo.

13. Kva for tre smakar har Twinings-teen med det engelske namnet Apple, Cinnamon & Raisin?

14. Hans Olav Lahlum er aktuell med Historien om Vinter-OL saman med Øyvind Tronstad. Kva for eit spørjeprogram vann sistnemnde heile tre gonger i 1980- og 1990-åra med dette som emne?

15. Kva kjent slag skal ha stått 29. juli 1030?

16. Kva er det mest iaugefallande ein ofte kan sjå på blada høgt oppe hos kristtorn, i tillegg til at dei er litt smale? Dette står i kontrast til blada lenger nede, særleg dersom desse er utsette for mykje beiting.

17. Sognefjorden er som kjent Noregs lengste fjord. Er han også djupast?

18. Kylian Mbappé er på framsida av standardutgåvene for både 2021 og 2022. Kva populær videospelserie utvikla av EA Sports er det tale om?

19. Er tettleiken til is rundt 0,9, 1,0 eller 1,1 kilogram per liter?

20. Kva liten stad søraust i Luxembourg var ukjend for dei fleste fram til ein viktig avtale vart inngått der i 1985?

21. Kven i juleevangeliet hadde for lengst kome ut i tredje trimester då det skulle takast manntal?

1. 1981–1986

2. Norsk rikskringkasting

3. Anne-Marie

4. Svaret (the answer)

5. Å tynne ut håret

6. Sørspissen av India

7. Karsten Warholm

8. 24. desember

9. «Så tenner vi et lys i kveld» (Dette er opningsorda. I Samlede dikt finn eg at tittelen er «Advents-lysene».)

10. Prostatakreft

11. Svart

12. Tehuana-kvinner

13. Eple, kanel og rosin

14. Kvitt eller dobbelt

15. Slaget på Stiklestad

16. At dei ikkje har tornar, taggar (Me godtek «at dei er heilranda, jamne».)

17. Ja (med god margin)

18. FIFA

19. Rundt 0,9 kilogram per liter (medan vatn i væskeform er på rundt 1,0 kilogram per liter)

20. Schengen

21. Maria (som med andre ord var høggravid)

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature
ÅshildEliassen

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Traust revolusjon

Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.

Låvesvala er ein utprega insektetar og jaktar helst i flukt. Dei korte beina eignar seg dårleg til å gå med, men er sterke til å gripe og finne feste.

Foto: Sveinung Lindaas

Feature

Låvesvalehale

For å bestemme alder og kjønn hjå ei låvesvale skal ein ty til fargane i fjørdrakta og til lengda på dei ytste halefjørene.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis