«Birkebeinerne» (1869), målarstykke av Knud Bergslien (1827–1908).
0–6 rette: Kva tyder det å stridast om pavens skjegg, tru? Betre lukke neste veke.
7–9 rette: Skjegget var farleg nær postkassa, men det gjekk då godt likevel.
10–15 rette: Flott innsats! Ingen grunn til å mumle i skjegget om resultatet.
16–20 rette: Applaus, her kan de både le og smile i skjegget!
21 rette: Like mykje gale som quizmeisteren har skjeggvekst. Ta for all del kontakt!

1. Kor mange individuelle OL-gull hadde Therese Johaug før Beijing 2022? Nokre vil kanskje verte overraska av svaret.
2. Årets vinter-OL var fyrste gong denne freestyleøvinga var med. Birk Ruud vann på herresida og helsa til far sin, som døydde av kreft i fjor. Kva engelsk namn har øvinga?
3. Kva Astrid Lindgren-figur er besteven med Birk Borkason?
4. Som liten vart Håkon Håkonsson frakta over fjellet av to birkebeinarar på ski, som del av ei større ferd. Kva by var det endelege målet?
5. Bjørkeslekta er eit av mange døme på systematiske grupper som er skildra av denne vidgjetne svensken. Kven?
6. Kva på eit bjørketre er spesielt godt eigna til å tenne bål? Eitt ord held som svar.
7. Den islandske artisten Björk vart fødd i tiåret då landet fekk vulkanøya Surtsey, som steig opp frå havet. Kva tiår?
8. Surtsey tyder «Surts øy», med referanse til jotunen i norrøn mytologi. Kva heiter staden der Surt herskar?
9. I kjemien kan ei løysing vere sur, nøytral eller …
10. Kva grammatisk kjønn vert også kalla nøytrum?
11. Dette landet er kjent for å vere strengt nøytralt, ein status det fekk garantert på Wienkongressen i 1815. Kva europeisk land?
12. Er Jens Stoltenberg den fyrste ministeren som vert sentralbanksjef i Noreg?
13. Kor mange stolar er det i stolleiken i forhold til talet på deltakarar?
14. Danske Finn Juhl vart kjend for lette, spenstige møblar med sterk poengtering av den berande konstruksjonen. Godt kjend er den ikoniske stolen med namn etter kva fugl?
15. Den dansk-norske kolonien Trankebar låg på Koromandelkysten. Kva for eit land er me i?
16. Kva for eit adjektiv set me framfor til dømes mandlar når me har losna skalet i kokande vatn?
17. Er mandlane, som me har omkring svelget, ein del av fordøyingssystemet, immunsystemet eller respirasjonssystemet?
18. Kven i Bibelen sa fylgjande utan å vite at det var sonen som var mottakaren: «Ta med i sekkene dykkar ei gåve til mannen, noko av det beste som finst i landet, litt balsam og litt honning, gummi og harpiks, pistasjnøtter og mandlar!»?
19. Med kva tittelsong på eitt ord gjekk israelske Milk and Honey til topps i Eurovision Song Contest i 1979?
20. I 2022 har Verdens verste menneske vorte nominert til Oscar for beste framandspråklege film og jammen også for beste originalmanus. Kva heiter parhestane bak manuset?
21. Manus er ei kortform av kva for eit ord?
SVAR PÅ SPØRSMÅLA
1. Ingen
2. Big air
3. Ronja Røverdatter
4. Trondheim
5. Carl von Linné
6. Never (Me godtek «bork», jamvel om never er det ytste laget på bjørkeborken.)
7. 1960-åra
8. Muspellsheim (Det vil seie den særs kalde verda på den eine sida av Ginnungagap i skapingsmyten. På andre sida låg det særs kalde Nivlheim.)
9. Basisk
10. Inkjekjønn
11. Sveits
12. Nei (Men han er den fyrste statsministeren.)
13. Éin mindre
14. Pelikan
15. India
16. Skålda
17. Immunsystemet (Dei er vev med mange kvite blodceller, som vernar mot mikroorganismar.)
18. Jakob (Sonen var Josef i Egypt.)
19. «Hallelujah»
20. Joachim Trier og Eskil Vogt
21. Manuskript
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.