JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

QuizMemoarar
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

7088
20220408

0–9 rette: Gjekk seg vill i Påskelabyrinten.

10–19 rette: Betre skodd enn Severin Suveren, trass i eit og anna glepptak.

20–35 rette: Flott innsats! Godt over både kylling og gåsunge.

36–45 rette: Blinkar alt frå Elias Blix til Blå Swix. Applaus!

46–50 rette: Gratulerer! Du finn dei fleste påskeegg same kor godt gøymde dei er.

1. Kva dag kan i vestleg kyrkjetradisjon falle tidlegast 22. mars og seinast 25. april?

2. Kven er tante til trillingane som på engelsk heiter April, May og June?

3. Juniperus communis skal vere bartreet med størst utbreiing på jorda. Kva er det norske namnet?

4. Vest for Gjøvik ligg to kommunar som det er naturleg å nemne saman. Administrasjonssentera er Dokka og Hov. Kva for to kommunar?

5. Kva eldre tittel for advokat har Krogstad i Et dukkehjem?

6. Kva opprørsk kunstnargruppe i 1970-åra var Bjørn Krogstad (fødd i 1943) ein del av?

7. Kva er den viktigaste næringskjelda for isbjørnen? Me skal fram til ei gruppe hovudsakleg marine dyr.

8. Kor mange skiver sjokoladekjeks har ein Sandwich, både hos Hennig-Olsen og hos Diplom-Is?

9. Ho ligg sør i Atlanterhavet og utgjer eit britisk oversjøisk territorium saman med Sør-Sandwichøyane. Kva heiter denne øya, der kvalfangststasjonen Grytviken låg?

10. Kva heiter skipsføraren og kvalfangstpioneren som grunnla Grytviken i 1904? Dette vert rekna som starten på den moderne kvalfangsten i Antarktis. Han kom frå Tjølling i noverande Larvik kommune og døydde i Rosshavet i 1924.

11. Kva for gryter har òg øyre, ifylgje ordtaket?

12. Kva kallar me ei gryte som har tett lok og nokre få ventilar, slik at ein kan koke til dømes ris mykje raskare?

13. Det var den amerikanske kokken Julia Child som gjorde hushalda i USA kjende med matkulturen i dette landet. Kva for eit land?

14. Kven er den julianske kalenderen oppkalla etter?

15. I kva rundt år kom Chaplin-filmen Diktatoren, der Adolf Hitler med fleire fekk gjennomgå?

16. Ei peruansk kvinne i tradisjonell habitt kan gå med til dømes jobona, montera og pollera. Set dei i rekkefylgja hatt, jakke og skjørt.

17. Kva norsk musikar (fødd i 1996) er kjend for songar som «Strangers», «Sucker Punch» og «Mirror»?

18. Kor lang tid med ulukke seier overtrua at du får om du knuser ein spegel?

19. Kva ulukke, rekna som den verste av sitt slag nokosinne, skjedde 26. april 1986?

20. Kva heiter SI-eininga for radioaktivitet, med namn etter han som delte Nobelprisen i fysikk i 1903 med ekteparet Curie?

21. Ultralyd er ein type stråling som menneske normalt ikkje kan høyre. Er det fordi frekvensen er for høg eller for låg?

22. Kven av dei etterfylgjande monarkane Håkon 6., Olav 4., Margrete og Erik av Pommern var barnet til to av dei andre?

23. Var Maria, Jesu mor, sjølv til stades ved krossfestinga, ifylgje Bibelen?

24. Kva farge har den inste krossen i flagget til Island?

25. Kva for eit slag i 1859, under den andre italienske frigjeringskrigen, inspirerte Henri Dunant til å ta pennen fatt og grunnleggje Raudekrossen?

26. Ho vart fødd i Reykjavík i 1963, er kjend som dronninga av islandsk krim og har vorte samanlikna med Stephen King og Stieg Larsson. To av bøkene er Jeg vet hvem du er (2012) og Byttedyr (2022). Kva heiter ho? Førenamn eller etternamn.

27. Den råsterke islendingen Haf¿ór Júlíus Björnsson er også kjend for rolla som Gregor «The Mountain» Clegane. Kva TV-serie er det tale om?

28. Sjimpansen Julius vart fødd 26. desember 1979. Lever han i dag?

29. Kva fransk adjektiv for søt vert nytta om søt champagne?

30. Wenche Foss ville derimot ikkje at champagnen skulle vere søt. Kva for eit ord manglar i sitatet: «Ja, jeg elsker champagne, og den bør være tørr og (…)!»?

31. Kva heiter han som fossa fram og i mål framfor Bjørn Dæhlie på den fjerde etappen i langrennsstafetten for menn under OL på Lillehammer?

32. Kva er den generelle fartsgrensa i Noreg utanfor tettbygde strok?

33. Kva bygd ganske langt inn i Aurlandsfjorden er kjend for og gjev namn til vår minste bevarte stavkyrkje?

34. Korleis stavar me ordet a som er eit synonym for matlyst?

35. Ho er rekna som tidenes beste kvinnelege stavhoppar og har framleis verdsrekorden i stavsprang utandørs. Kva heiter russaren?

36. Kva verbtid er hadde sprunge?

37. Er springar ein solodans, ein pardans, ein ringdans eller ein linedans?

38. Kva heiter den brasilianske kampsporten med element av dans, musikk, akrobatikk og sjølvforsvar? Han skal ha oppstått blant afrikanske slavar i landet.

39. Kva by i Egypt er eit av dei to utgangspunkta i spelet Den forsvunne diamanten?

40. Det andre utgangspunktet er byen Tanger, som ligg i kva for eit land?

41. Kva for ein av fruktene tamarillo, tamarind og tangerin er ei sitrusfrukt?

42. På sitt beste var Tang-dynastiet ein gullalder for Kina. Sei eitt av dei tre hundreåra som utgjer mesteparten av dynastiet.

43. Kanskje er tonga i verktøykassa di laga av dette tyske selskapet, som er verdsleiande på feltet. Heiter det Gripex, Klemmex eller Knipex?

44. Sett frå Tonga ligg Påskeøya om lag 7000 kilometer i kva for ei av dei fire himmelretningane?

45. Kva for eit påskesymbol kan også gje assosiasjonar til juvelar, dataprogram og godteri?

46. På skjærtorsdag innstifta Jesus nattverden og gjorde ei symbolsk handling som gjaldt ein spesiell kroppsdel hos disiplane. Kva symbolsk handling?

47. Kva ministerpost har Bjørnar Skjæran i Jonas Gahr Støres regjering?

48. Kven er kunstnaren bak meisterverket «Nattverden», måla i 1490-åra?

49. Kva slags menneske, som hadde låg status, var dei fyrste som møtte Jesus etter oppstoda? Evangelia varierer rett nok med tanke på kor mange dei var.

50. Quizmeisteren ynskjer god påske og ser til slutt etter eit ord på sju bokstavar. Det har tydingar som spotta, sett ned på, vist forakt for. Det skal inn i denne påskesalmeopninga: «Du som låg i natti seine/ sorgtyngd, (…) og åleine». Kva er ordet?

1. Fyrste påskedag (også kjend som påskedag eller påskesundag)

2. Dolly Duck

3. Einer

4. Nordre Land og Søndre Land kommunar (Det er greitt om de nemnde dei i motsett rekkefølgje.)

5. Sakførar

6. GRAS

7. Selar

8. To

9. Sør-Georgia

10. Carl Anton Larsen

11. Små gryter

12. Trykkokar

13. Frankrike

14. Julius Cæsar

15. 1940

16. Montera, jobona, pollera

17. Sigrid

18. Sju år

19. Tsjornobyl-ulukka

20. Becquerel

21. For høg

22. Olav 4. (Han var barnet til Håkon 6. og Margrete.)

23. Ja

24. Raud

25. Slaget ved Solferino

26. Yrsa Sigur¿ardóttir

27. Game of Thrones

28. Ja

29. Doux

30. Gratis

31. Silvio Fauner

32. 80 kilometer i timen

33. Undredal

34. Appetitt

35. Jelena Isinbajeva

36. Preteritum perfektum (Me godtek den eldre nemninga pluskvamperfektum.)

37. Ein pardans

38. Capoeira

39. Kairo

40. Marokko

41. Tangerin

42. 600-talet, 700-talet eller 800-talet

43. Knipex

44. Aust

45. Påskeegg (jamfør Fabergé-egg, Easter eggs i dataprogram og påskeegg fylte med godteri)

46. Han vaska føtene til disiplane

47. Fiskeri- og havminister (Me godtek dei tidlegare nemningane fiskeriminister og fiskeri- og sjømatminister. Me gjev også poeng for svaret havminister.)

48. Leonardo da Vinci

49. Kvinner

50. Vanvørd

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigrun Slapgard er forfattar og journalist og har skrive ei rekkje kritikarroste biografiar og dokumentarbøker, særleg om sterke kvinnelagnader.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Frikjend av Slapgard

Alle var på fornamn med statsministerektefellen Werna Gerhardsen på 1950-talet. Også KGB.

ArildBye

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Klår kulokk

Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis