Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

QuizMemoarar
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Sverre A. Børretzen / NTB

Foto: Sverre A. Børretzen / NTB

3431
20220304

0–6 rette: Lett snipping, utan at det er naudsynt å pakke snippeska.

7–9 rette: Høyrer moglegvis til i snippeproletariatet.  

10–15 rette: Flott innsats! Ingen grunn til ikkje å løyse på snippen.

16–20 rette: For eit eventyr – snipp, snapp, snute. Gratulerer!

21 rette: Full pott! Quizmeisteren vert djupt såra og snippen om de ikkje seier ifrå.

1. Kva heiter dei to oblastane lengst aust i Ukraina, på ukrainsk side av Donbas? Dei gjev namn til dei to utbrytarrepublikkane som Vladimir Putin anerkjende 21. februar.

2. I kva kriste sakrament får du utdelt ein oblat?

3. Kva song av The Beatles handlar om paret Desmond og Molly?

4. Frukta kvede har fasong som eit eple eller ei pære. Kva farge har ein kvede?

5. Denne kvedaren og læraren (1801–1855) var frå Heddal og er i dag kjend som ein av dei fyrste folkeminnesamlarane i Noreg. I samtida hamna ho likevel i skuggen av mannlege innsamlarar. Kva er namnet hennar?

6. Ei heilt anna samling på 1800-talet er samlinga av Tyskland. Ho skjedde offisielt i kva år med 1 som siste siffer?

7. Apropos rikssamling: Kva heiter fjorden som utvidar seg til ei bukt fem kilometer sørvest for Stavanger sentrum?

8. I kva stort land heiter nasjonalforsamlinga Sansad?

9. Kven manglar i dette utdraget: «Kvifor hugsar me at Oddvar Brå brakk staven i 1982, men ikkje at (…) gjorde det i 1985? Båe stavbrota skjedde i ein VM-stafett, og båe var dramatiske.»

10. Den maskerte duoen Subwoolfer vann årets MGP. Kva er ein subwoofer? Eitt ord held som svar.

11. Kva av ein, fem eller tolv kvalpar er eit typisk kull hos ulven?

12. Kva heiter folketruvesenet i form av eit menneske som er eller kan skape seg om til ein ulv?

13. Amerikanske Tom Wolfe er ein viktig representant for subjektiv, forteljande journalistikk som nyttar skjønnlitterære verkemiddel. Kva heiter denne stilen, denne rørsla?

14. Kva kallar me til dømes cøliaki, lupus og psoriasis, altså sjukdommar der immunsystemet feilaktig angrip friske celler?

15. Gustav Vigeland døydde i 1943. Vart han avretta av nazistane?

16. Kva for eit spøkjefullt norsk ord har me for ein funksjon eller knapp som nullstiller, restartar, til dømes på ein datamaskin?

17. I kva skøytesport kan ein ta ein salchow, med namn etter svenske Ulrich Salchow?

18. Ein observant lesar oppdaga at quizmeisteren nyleg bomma på verbbruken. Er det losne eller løyse som skal inn her: Me kan (…) skalet på mandlane med kokande vatn.

19. Det rette verbet kan ta objekt, til dømes skalet eller quizen, det galne verbet kan ikkje det. Kva heiter høvesvis den fyrste og den andre verbtypen?

20. Den observante lesaren har fått honnør over e-post, men ynskjer elles å gå under det som står for radio detection and ranging. Kva er det?

21. Kva, som me kan løyse på, er også namnet på bakarmeisteren i Skomakergata?

SVAR PÅ SPØRSMÅLA:

1. Donetsk og Luhansk

2. Nattverd

3. «Ob-La-Di, Ob-La-Da»

4. Gul

5. Olea Crøger

6. 1871

7. Hafrsfjord

8. India

9. Berit Aunli (Dette er opningsorda i boka Skijentene av Hanna Norberg, men korta ned og omsett til nynorsk.)

10. Ein høgtalar (som er laga spesielt for å gje att djupe tonar)

11. Fem (Fire eller fem kvalpar er det vanlege, ifylgje Besøkssenter rovdyr.)

12. Varulv

13. Nyjournalistikk (New Journalism på engelsk)

14. Autoimmune sjukdommar

15. Nei

16. Svenskeknapp

17. Kunstløp

18. Løyse (Det er me som løyser skalet og skalet som losnar.)

19. Transitive verb og intransitive verb

20. Radar

21. Snipp

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis