Alternativ dansemusikk
Marthe Lea overraskar som komponist.
Jazz
Marthe Lea Band:
Asura
Marthe Lea, tenorsaks, fløyte, piano, gitar, udungu, perkusjon og vokal; Andreas Hoem Røysum, klarinett, bassklarinett, perkusjon og vokal; Hans P. Kjørstad, fele, fløyte, perkusjon og vokal; Egil Kalman, bass, synth og vokal; Hans Hulbækmo, trommer, perkusjon og vokal.
Motvind Records MOT 12 CD
I møte med musikken til Marthe Lea kom eg i hug ei herme etter Harald Sæverud: «Jeg lager mine folketoner selv.» Det gjer så visst Lea også. Sagt på ein annan måte: Musikken ho lagar, har ei folkemusikalsk åre, men inspirasjonen hoppar frå kontinent til kontinent. Tyngdepunktet ligg likevel på det afrikanske kontinentet.
Eit anna særmerke er at Lea gjev bandet stort spelerom. Ho har skrive sju flotte låtar, nokre av dei med hitpotensial, men kvintetten tek musikken i dei mest uventa retningar. I valsen «Jysla jysla» blir det fengande temaet avbrote eit par gonger av eit mannskor på utdrikkingslag etterfølgt av eit ad lib-parti, før ein vender attende til temaet.
På tittelsporet går ein frå ein lang japanskinspirert intro til dansemusikk ein kunne finna ved hoffa i seinmellomalderen og rennesansen. I den gnawainspirerte «Sakina» kjem alle krumspringa medan grooven går. Egil Kalman er det solide ankerfestet i den vestafrikanskinspirerte «Bølgebryter».
Kjørstad og Lea (på gitar) spelar det nydelege temaet på balladen «Elgens hverdag», og førstnemnde improviserer vakkert oppå eit skiftande sett av ostinat. Plata blir avslutta med den muntre og mangfaldige «Sneaky Sneaky» – ein låt som har følgt bandet frå byrjinga.
Som komponist er Lea på det mest spanande med opningssporet «Kedi» – både tonalt og rytmisk spenstig. Her viser også Hulbækmo kvifor han er ein så etterspurd trommeslagar.
Om du ikkje har bestemt noregsferien enno, kan det vera ein god idé å leggja han til ein stad og ei tid der Marthe Lea Band spelar.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Fårete blikk: Sjølvsagt ser maten din på deg. Korleis skulle han elles finne vegen til slaktehuset?
Foto: Wikimedia Commons
Sjølvsagt er vi ikkje dei einaste som har skjøna at hovudet til sauen er god mat.
Midtfjords: ein attraksjon Fylkesbaatane var åleine om.
Foto frå boka: Ole Fretheim
Friskt om ferjer
«Til og med bilar vart køyrde frå den eine ferja til den andre midt ute på fjorden.»
Det var ein emosjonell augneblink for unge Gukesh då VM-sigeren var klar.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
Gukesh den attande
Den 18. verdsmeisteren sidan 1886 er berre 18 år gamal, indaren Gukesh Dommaraju.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.