Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Arkivet: Cocteau Twins

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1229
20180323
1229
20180323

Plateselskapet 4AD har gått systematisk til verks når dei gir ut Cocteau Twins-albuma i nye vinylutgåver, og går heilt tilbake til kjeldematerialet som ligg i dei analoge lydopptaka. No er turen kommen til Treasure (1984), den tredje utgivinga til bandet. Plata var mitt første møte med dei, og har difor ein eigen plass i diskografien for min del.

Treasure kom ut, var Cocteau Twins i ein formativ, kreativ periode. Vokalist Elizabeth Fraser og gitarist Robin Guthrie hadde fått selskap av altmoglegmann Simon Raymonde, som dei hadde møtt då dei var med på det klassiske This Mortal Coil-prosjektet i 1983. Meir enn noko anna definerte Frasers røyst den svevande popmusikken til Cocteau Twins, og ho står framleis fram som ein av dei flottaste popsongarane vi har hatt.

Det er fascinerande å lytte til Treasure i 2018. Då albumet kom ut, likna ingenting på musikken Fraser, Guthrie og Raymonde laga, og dei tre fekk eit sterkt eigarskap til merkelappen dream pop, noko alle leksikonoppslag om sjangerneologismen kan stadfeste. I dag høyrer ein jamleg ekko frå platene bandet gav ut; få estetiske uttrykk har hatt eit sterkare avtrykk i tiåra etter 1980-talet enn det vi høyrer på Treasure.

Øyvind Vågnes

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Plateselskapet 4AD har gått systematisk til verks når dei gir ut Cocteau Twins-albuma i nye vinylutgåver, og går heilt tilbake til kjeldematerialet som ligg i dei analoge lydopptaka. No er turen kommen til Treasure (1984), den tredje utgivinga til bandet. Plata var mitt første møte med dei, og har difor ein eigen plass i diskografien for min del.

Treasure kom ut, var Cocteau Twins i ein formativ, kreativ periode. Vokalist Elizabeth Fraser og gitarist Robin Guthrie hadde fått selskap av altmoglegmann Simon Raymonde, som dei hadde møtt då dei var med på det klassiske This Mortal Coil-prosjektet i 1983. Meir enn noko anna definerte Frasers røyst den svevande popmusikken til Cocteau Twins, og ho står framleis fram som ein av dei flottaste popsongarane vi har hatt.

Det er fascinerande å lytte til Treasure i 2018. Då albumet kom ut, likna ingenting på musikken Fraser, Guthrie og Raymonde laga, og dei tre fekk eit sterkt eigarskap til merkelappen dream pop, noko alle leksikonoppslag om sjangerneologismen kan stadfeste. I dag høyrer ein jamleg ekko frå platene bandet gav ut; få estetiske uttrykk har hatt eit sterkare avtrykk i tiåra etter 1980-talet enn det vi høyrer på Treasure.

Øyvind Vågnes

Emneknaggar

Fleire artiklar

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis