Arkivet: Gillian Welch
Det finst vel knapt ein meir solid forvaltar av americana enn Gillian Welch, som frå og med debuten Revival (1996) saman med David Rawlings har levert nokre av dei finaste utgivingane dei siste 25 åra. Time (The Revelator) (2001) står som ein bauta i diskografien, men ei utfordring for ein artist som legg lista så høgt, er at ein vert såpass kresen på kvaliteten at ein kanskje vert litt knipen. Welch høyrer ikkje til mellom dei som pøser ut halvferdig materiale eller tømmer skuffene når det har vore stille ei stund. Trufaste lyttarar kan verte rastlause, tørste på meir.
Dermed har det vore gledeleg overraskande å få høyre ei heil rekkje opptak frå den kanten i år. Ein orkan reiv taket av studioet til Welch og Rawlings i mars, og hendinga fekk dei til å sjå sitt eige arkiv i nytt lys. Utfallet vart utgivinga Boots: The Lost Songs, som i tre delar byr på innspelingar laga i løpet av ei produktiv helg i 2002, porsjonerte ut i inneverande kalenderår – dei første to dosane kom i juli og i september.
Volume 3 kom nett ut, og snart går det an å skaffe seg heile årets serie i ein boks, totalt 48 songar, på vinyl eller CD. Eg er ikkje åleine om å vere glad for denne gåvepakken frå Welch – det ville ha vore trist om ikkje dette sterke materialet skulle nå ut.
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Det finst vel knapt ein meir solid forvaltar av americana enn Gillian Welch, som frå og med debuten Revival (1996) saman med David Rawlings har levert nokre av dei finaste utgivingane dei siste 25 åra. Time (The Revelator) (2001) står som ein bauta i diskografien, men ei utfordring for ein artist som legg lista så høgt, er at ein vert såpass kresen på kvaliteten at ein kanskje vert litt knipen. Welch høyrer ikkje til mellom dei som pøser ut halvferdig materiale eller tømmer skuffene når det har vore stille ei stund. Trufaste lyttarar kan verte rastlause, tørste på meir.
Dermed har det vore gledeleg overraskande å få høyre ei heil rekkje opptak frå den kanten i år. Ein orkan reiv taket av studioet til Welch og Rawlings i mars, og hendinga fekk dei til å sjå sitt eige arkiv i nytt lys. Utfallet vart utgivinga Boots: The Lost Songs, som i tre delar byr på innspelingar laga i løpet av ei produktiv helg i 2002, porsjonerte ut i inneverande kalenderår – dei første to dosane kom i juli og i september.
Volume 3 kom nett ut, og snart går det an å skaffe seg heile årets serie i ein boks, totalt 48 songar, på vinyl eller CD. Eg er ikkje åleine om å vere glad for denne gåvepakken frå Welch – det ville ha vore trist om ikkje dette sterke materialet skulle nå ut.
Øyvind Vågnes
Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.