Arkivet: Harald Are Lund (1946–2020)
Snurrebarten følgde Harald Are Lund heile livet.
Foto: Ola Næss / NTB scanpix
Også eg vil skrive nokre ord om Harald Are Lund, som gjekk bort førre veke, ein radiomann av det heilt sjeldne slaget, noko av det beste NRK har hatt å by på, ein utrøytteleg musikkentusiast, ei røyst som etter fem tiår med formidling vil verte sakna av generasjonar av lyttarar.
For ein som var i tenåra i siste halvdel av 1980-talet og gjekk inn i studietida litt ut på 1990-talet, var Lund den sanne guiden vekk frå pubertal hitdyrking (Ti i skuddet) og over i ei rik musikkverd det vart avgjerande å oppdage, med sine tunge tradisjonar, og med sine stadig nye, grenseoverskridande sonderingar. Det å lytte vart eit eventyr. Lund vekte gløden.
Eg visst knapt kva blues kunne vere, før Blå minutter, radioprogrammet Lund laga i lag med Knut Reiersrud, og TV-programmet Rock 90 gjorde 1990 til eit formativt lytteår – for å nemne eit par dropar i det havet som var Harald Are Lunds musikkformidling.
For dei av oss med distriktsoppvekst som vart unge vaksne idet glanstida til norsk musikkpresse (Puls, Nye takter, BEAT) gradvis kom på hell, vart Lund ei kjelde det aldri slutta å sildre frå. Der det skrivne ordet alltid må kjempe mot fråværet av musikk, og av og til kompensere for det med både stilistikk og polemikk, opnar radiomediet for elegante, audmjuke røyster som Lunds, som lidenskapeleg, kunnskapsrikt og raust peikar veg i rett retning, som radiovert og DJ, slik at du faktisk får musikken ut i rommet nett idet du har vorte nyfiken.
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Også eg vil skrive nokre ord om Harald Are Lund, som gjekk bort førre veke, ein radiomann av det heilt sjeldne slaget, noko av det beste NRK har hatt å by på, ein utrøytteleg musikkentusiast, ei røyst som etter fem tiår med formidling vil verte sakna av generasjonar av lyttarar.
For ein som var i tenåra i siste halvdel av 1980-talet og gjekk inn i studietida litt ut på 1990-talet, var Lund den sanne guiden vekk frå pubertal hitdyrking (Ti i skuddet) og over i ei rik musikkverd det vart avgjerande å oppdage, med sine tunge tradisjonar, og med sine stadig nye, grenseoverskridande sonderingar. Det å lytte vart eit eventyr. Lund vekte gløden.
Eg visst knapt kva blues kunne vere, før Blå minutter, radioprogrammet Lund laga i lag med Knut Reiersrud, og TV-programmet Rock 90 gjorde 1990 til eit formativt lytteår – for å nemne eit par dropar i det havet som var Harald Are Lunds musikkformidling.
For dei av oss med distriktsoppvekst som vart unge vaksne idet glanstida til norsk musikkpresse (Puls, Nye takter, BEAT) gradvis kom på hell, vart Lund ei kjelde det aldri slutta å sildre frå. Der det skrivne ordet alltid må kjempe mot fråværet av musikk, og av og til kompensere for det med både stilistikk og polemikk, opnar radiomediet for elegante, audmjuke røyster som Lunds, som lidenskapeleg, kunnskapsrikt og raust peikar veg i rett retning, som radiovert og DJ, slik at du faktisk får musikken ut i rommet nett idet du har vorte nyfiken.
Øyvind Vågnes
Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.