Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Arkivet: Joan Baez

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Joan Baez har vore i studio att.

Joan Baez har vore i studio att.

Foto: Stewart Volland

Joan Baez har vore i studio att.

Joan Baez har vore i studio att.

Foto: Stewart Volland

1187
20180309
1187
20180309

Ti år har gått sidan sist Joan Baez gav ut ei plate, og no er Whistle Down the Wind her, eit uhyre velvalt knippe komposisjonar tolka av ei av dei mest eigenarta røystene i sin generasjon. Med seg i studio hadde Baez produsent og medmusikar Joe Henry, eit samarbeid som var viktig for korleis albumet vart sett saman og høyrest ut.

Når ein aldrande bauta vel å tolke favorittsongar, kan det fort verte nostalgisk, men Whistle Down the Wind plasserer seg markant i vår eiga tid, med sentrale versjonar av relativt nye songar av både Josh Ritter og Anohni. Baez har alltid orientert seg mot det politiske, og det gjer ho også her, men meir i den forstand at ho vel å ytre visse haldningar og etiske standpunkt med tydeleg kraft og lågmælt autoritet.

Må eg trekkje fram ein song mellom dei ti, vert det Zoe Mulfords «The President Sang Amazing Grace», om skota som fall i ei kyrkje i Charleston i 2015, og Barack Obamas tale etterpå, då han braut ut i John Newtons urgamle song om nåde, «Amazing Grace» (1779). Det er diverre ikkje til å komme forbi at det er vanskeleg å lytte til songen utan å tenkje på Donald Trumps reaksjon på skulemassakren i Florida.

Øyvind Vågnes

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Ti år har gått sidan sist Joan Baez gav ut ei plate, og no er Whistle Down the Wind her, eit uhyre velvalt knippe komposisjonar tolka av ei av dei mest eigenarta røystene i sin generasjon. Med seg i studio hadde Baez produsent og medmusikar Joe Henry, eit samarbeid som var viktig for korleis albumet vart sett saman og høyrest ut.

Når ein aldrande bauta vel å tolke favorittsongar, kan det fort verte nostalgisk, men Whistle Down the Wind plasserer seg markant i vår eiga tid, med sentrale versjonar av relativt nye songar av både Josh Ritter og Anohni. Baez har alltid orientert seg mot det politiske, og det gjer ho også her, men meir i den forstand at ho vel å ytre visse haldningar og etiske standpunkt med tydeleg kraft og lågmælt autoritet.

Må eg trekkje fram ein song mellom dei ti, vert det Zoe Mulfords «The President Sang Amazing Grace», om skota som fall i ei kyrkje i Charleston i 2015, og Barack Obamas tale etterpå, då han braut ut i John Newtons urgamle song om nåde, «Amazing Grace» (1779). Det er diverre ikkje til å komme forbi at det er vanskeleg å lytte til songen utan å tenkje på Donald Trumps reaksjon på skulemassakren i Florida.

Øyvind Vågnes

Emneknaggar

Fleire artiklar

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis