Arkivet: Joe Hisaishi
Bilete frå filmen om Totoro.
Mykje godt har komme frå Studio Ghibli opp gjennom tidene – fleire lesarar vil kjenne animasjonsfilmane som etter kvart har forma fleire generasjonar av sjåarar, som Min nabo Tororo (1988), Kikis budservice (1989), og Chihiro og heksene (2001), for å nemne tre klassikarar regissert av Hayao Miyazaki. No dukkar denne filmskatten dosevis opp på Netflix, og det gjekk ikkje mange dagane før vi henta fram forteljinga om Totoro i stova, for den verkar det som om ingen av oss er for unge, eller vert for gamle, til.
Fleire av Studio Ghiblis filmar er også utstyrte med utsøkte lydspor, og no har filmkomponist Joe Hisaishi samla eit fint utval på Dream Songs: The Essential Joe Hisaishi (Decca Gold). Tolkingar og versjonar har florert i årevis, også frå våre stovehøgtalarar, men denne nye utgivinga finn balansen og er sobert kvalitetssikra av Hisaishi sjølv. Heile 28 spor har det vorte plass til, med melodiar frå store delar av studioets produksjon – ein veritabel dokumentasjon av Hisaishis kraft som filmkomponist.
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Mykje godt har komme frå Studio Ghibli opp gjennom tidene – fleire lesarar vil kjenne animasjonsfilmane som etter kvart har forma fleire generasjonar av sjåarar, som Min nabo Tororo (1988), Kikis budservice (1989), og Chihiro og heksene (2001), for å nemne tre klassikarar regissert av Hayao Miyazaki. No dukkar denne filmskatten dosevis opp på Netflix, og det gjekk ikkje mange dagane før vi henta fram forteljinga om Totoro i stova, for den verkar det som om ingen av oss er for unge, eller vert for gamle, til.
Fleire av Studio Ghiblis filmar er også utstyrte med utsøkte lydspor, og no har filmkomponist Joe Hisaishi samla eit fint utval på Dream Songs: The Essential Joe Hisaishi (Decca Gold). Tolkingar og versjonar har florert i årevis, også frå våre stovehøgtalarar, men denne nye utgivinga finn balansen og er sobert kvalitetssikra av Hisaishi sjølv. Heile 28 spor har det vorte plass til, med melodiar frå store delar av studioets produksjon – ein veritabel dokumentasjon av Hisaishis kraft som filmkomponist.
Øyvind Vågnes
Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.