Arkivet: Jóhann Jóhannsson
Jóhann Jóhannsson er ein islandsk filmmusikkomponist.
Om du såg Arrival (Denis Villeneuve, 2016) og lurte på kvar musikken kom frå, så vit at det var islandske Jóhann Jóhannsson som hadde komponert han. Eit lite søk gjer det klart at same komponist også stod for lydsporet til Villeneuve-filmen Sicario (2015).
Frå tid til anna kan eit enkelt verk leie ein inn i eit nytt, eigenarta musikalsk landskap, ikkje minst om ein brått vert eksponert for noko ukjent og spennande i ein kinosal. Jóhannsson viser seg ikkje berre å vere ein markant filmkomponist – bak seg har han ei rekkje fascinerande utgivingar, mellom anna på Deutsche Grammophon.
Fleire kritikarar har peikt på slektskap med profilar som Arvo Pärt og Henryk Górecki. Det går det an å forstå når ein lyttar til nyutgivne IBM 1401: A User’s Manual (opphavleg 2006), men likevel er dette noko ganske anna. Jóhannssons elegiske verk gjer bruk av ein IBM-instruksjonsteip frå 1960-talet, og får teknologien til å synge med si eiga røyst. Fascinerande – og underleg rørande.
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Om du såg Arrival (Denis Villeneuve, 2016) og lurte på kvar musikken kom frå, så vit at det var islandske Jóhann Jóhannsson som hadde komponert han. Eit lite søk gjer det klart at same komponist også stod for lydsporet til Villeneuve-filmen Sicario (2015).
Frå tid til anna kan eit enkelt verk leie ein inn i eit nytt, eigenarta musikalsk landskap, ikkje minst om ein brått vert eksponert for noko ukjent og spennande i ein kinosal. Jóhannsson viser seg ikkje berre å vere ein markant filmkomponist – bak seg har han ei rekkje fascinerande utgivingar, mellom anna på Deutsche Grammophon.
Fleire kritikarar har peikt på slektskap med profilar som Arvo Pärt og Henryk Górecki. Det går det an å forstå når ein lyttar til nyutgivne IBM 1401: A User’s Manual (opphavleg 2006), men likevel er dette noko ganske anna. Jóhannssons elegiske verk gjer bruk av ein IBM-instruksjonsteip frå 1960-talet, og får teknologien til å synge med si eiga røyst. Fascinerande – og underleg rørande.
Øyvind Vågnes
Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.