Arkivet: John Olav + Victoria
John Olav + Victoria (Brilliance), eit konsertopptak med John Olav Nilsen & Nordsjøen frå Victoria Cafe & Pub i Bergen frå tidlegare i haust, kjem ut måndag. Her kan det vere ein idé å vere raskt ute og kanskje til og med bestille på førehand. Det er tale om eksklusive greier: eit avgrensa tal signerte, farga vinylplater.
Opptaket er frå 29. september og sirklar i hovudsak rundt årets Nordsjøen, som er representert med seks av åtte songar. I tillegg er «Bensinbarn» med, frå Den eneste veien ut (2012). «Hull i himmelen», opningssporet på For sant til å være godt (2009), er siste spor på John Olav + Victoria, og tek oss avslutningsvis dermed heile vegen tilbake til byrjinga, til ekstatisk allsong. Utgivinga tek godt vare på den tette stemninga i eit lite lokale som har spela ei særleg viktig rolle i John Olav Nilsens liv.
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
John Olav + Victoria (Brilliance), eit konsertopptak med John Olav Nilsen & Nordsjøen frå Victoria Cafe & Pub i Bergen frå tidlegare i haust, kjem ut måndag. Her kan det vere ein idé å vere raskt ute og kanskje til og med bestille på førehand. Det er tale om eksklusive greier: eit avgrensa tal signerte, farga vinylplater.
Opptaket er frå 29. september og sirklar i hovudsak rundt årets Nordsjøen, som er representert med seks av åtte songar. I tillegg er «Bensinbarn» med, frå Den eneste veien ut (2012). «Hull i himmelen», opningssporet på For sant til å være godt (2009), er siste spor på John Olav + Victoria, og tek oss avslutningsvis dermed heile vegen tilbake til byrjinga, til ekstatisk allsong. Utgivinga tek godt vare på den tette stemninga i eit lite lokale som har spela ei særleg viktig rolle i John Olav Nilsens liv.
Øyvind Vågnes
Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.