Arkivet: Mehldaus Bach
Brad Mehldau har teke for seg fire preludium og ein fuge av Bach.
Foto: bradmehldau.com
Sidan han debuterte som plateartist, har jazzpianist Brad Mehldau konsekvent nærma seg den klassiske musikktradisjonen og improvisasjonsmusikken parallelt, både gjennom lange essay i omslaga og ikkje minst gjennom musikken han har valt å tolke i det som har vorte ein rikhaldig diskografi. Den ruvande boksen 10 Years Solo Live (2015) var kanskje det mest omfattande uttrykket for denne interessa så langt, med fem timar med musikk som på typisk vis kombinerte Brahms, Coltrane, Radiohead og mangt anna.
No er After Bach (Nonesuch) her. Der går Mehldau i dialog med fem utvalde Bach-komposisjonar, fire preludium og ein fuge frå Das wohltemperierte Klavier (1722, 1742), som han tolkar og lagar variasjonar over i sjølvskrivne komposisjonar. Det har vorte eit fascinerande album, som trekkjer liner frå barokken og inn i vår tid, og som ikkje overraskande viser elastisiteten som bur i dette kanoniske materialet, og då ikkje minst i utfaldinga av det kontrapunktiske. Plata rundar av med ein «Prayer for Healing» – ei bøn eg sluttar meg til, og takkar Brad Mehldau for.
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Sidan han debuterte som plateartist, har jazzpianist Brad Mehldau konsekvent nærma seg den klassiske musikktradisjonen og improvisasjonsmusikken parallelt, både gjennom lange essay i omslaga og ikkje minst gjennom musikken han har valt å tolke i det som har vorte ein rikhaldig diskografi. Den ruvande boksen 10 Years Solo Live (2015) var kanskje det mest omfattande uttrykket for denne interessa så langt, med fem timar med musikk som på typisk vis kombinerte Brahms, Coltrane, Radiohead og mangt anna.
No er After Bach (Nonesuch) her. Der går Mehldau i dialog med fem utvalde Bach-komposisjonar, fire preludium og ein fuge frå Das wohltemperierte Klavier (1722, 1742), som han tolkar og lagar variasjonar over i sjølvskrivne komposisjonar. Det har vorte eit fascinerande album, som trekkjer liner frå barokken og inn i vår tid, og som ikkje overraskande viser elastisiteten som bur i dette kanoniske materialet, og då ikkje minst i utfaldinga av det kontrapunktiske. Plata rundar av med ein «Prayer for Healing» – ei bøn eg sluttar meg til, og takkar Brad Mehldau for.
Øyvind Vågnes
Fleire artiklar
Carl Friedrich Abel (1723–1787). Utsnitt av måleri av Thomas Gainsborough frå 1777.
Mellom verder
Carl Friedrich Abel var den siste store viola da gamba-virtuosen.
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.