Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Arkivet: Micah P. Hinson hos BBC

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mikah P. Hinson har gitt ut ni plater på 15 år.

Pressefoto

1348
20180413
1348
20180413

Av og til landar det ei utgiving i innboksen som får meg bort i platehyllene, og dette var tilfellet med Micah P Hinson at the British Broadcasting Corporation (Full Time Hobby/Border), som opnar med gode, gamle «Stand In My Way», ein av nøkkellåtane på Micah P Hinson and the Gospel of Progress (2004). Den gongen var Hinson 23 år, no er han i slutten av trettiåra, men røysta hans har ikkje endra seg mykje med åra, noko fjorårets Micah P Hinson Presents The Holy Strangers viste godt: No som då høyrest det ut som om mannen har levt i hundre år.

Hinson er ein produktiv mann. Han har gitt ut ni plater dei siste femten åra og har vore innom BBC fleire gonger i løpet av perioden, nok til at han kan samle dei beste stundene der og gi det ut på plate – dermed Micah P Hinson at the British Broadcasting Corporation. Opptaka er jamt fordelte og vart gjorde i 2010, 2012, 2014 og 2017.

Hinson har litt av ein biografi. Han vart fødd i 1981 i Memphis og voks frå han var fire år opp i Texas, i den vesle byen Abilene. Han er ein av desse artistane som nådde botnen før han kom seg opp igjen, då han gjekk frå å vere pengelaus og heimlaus rusmisbrukar i ung alder til å verte plateartist. Micah P Hinson at the British Broadcasting Corporation er ein fin introduksjon til ein artist fleire bør lytte til.

Øyvind Vågnes

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Av og til landar det ei utgiving i innboksen som får meg bort i platehyllene, og dette var tilfellet med Micah P Hinson at the British Broadcasting Corporation (Full Time Hobby/Border), som opnar med gode, gamle «Stand In My Way», ein av nøkkellåtane på Micah P Hinson and the Gospel of Progress (2004). Den gongen var Hinson 23 år, no er han i slutten av trettiåra, men røysta hans har ikkje endra seg mykje med åra, noko fjorårets Micah P Hinson Presents The Holy Strangers viste godt: No som då høyrest det ut som om mannen har levt i hundre år.

Hinson er ein produktiv mann. Han har gitt ut ni plater dei siste femten åra og har vore innom BBC fleire gonger i løpet av perioden, nok til at han kan samle dei beste stundene der og gi det ut på plate – dermed Micah P Hinson at the British Broadcasting Corporation. Opptaka er jamt fordelte og vart gjorde i 2010, 2012, 2014 og 2017.

Hinson har litt av ein biografi. Han vart fødd i 1981 i Memphis og voks frå han var fire år opp i Texas, i den vesle byen Abilene. Han er ein av desse artistane som nådde botnen før han kom seg opp igjen, då han gjekk frå å vere pengelaus og heimlaus rusmisbrukar i ung alder til å verte plateartist. Micah P Hinson at the British Broadcasting Corporation er ein fin introduksjon til ein artist fleire bør lytte til.

Øyvind Vågnes

Emneknaggar

Fleire artiklar

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis